NRK Meny
Normal

Har utsett tilsettinga av ny direktør

Helse Førde treng meir tid for å tilsetje ny administrerande direktør for Helse Førde.

Børge Tvedt, administrerande direktør i Helse Førde og styreleiar Agnes Landstad.

VIL HA MEIR TID: Styreleiar Agnes Landstad (t.h.) seier at tilsetjingsutvalet vil bruke tida dei treng for å tilsetje ny administrerande direktør. Børge Tvedt (t.v.) er konstituert som administrerande direktør i helseføretaket inntil vidare.

Foto: Bård Siem / NRK

Det melder Helseføretaket på sine nettsider. Grunngjevinga er at dei ynskjer eit best mogleg tilfang av søkjarar til stillinga. Det er difor behov for meir tid for å sikre eit best mogleg tilfang av søkjarar, skriv dei.

– Vi har fått gode søkjarar, men ynskjer å bruke meir tid for å vere trygge på at vi landar på den beste direktøren, seier Agnes Landstad, som er styreleiar i Helse Førde.

Landstad vil ikkje kommentere kor mange søknadar som har komne inn, eller kven som har søkt.

Fristen for å søkje gjekk ut 20. september. No har tilsetjingsutvalet forlenga søknadsfristen til 20. oktober.

– Vi har ein god konstituert direktør, så vi tek den tida vi treng, seier Landstad.

Jon Bolstad gjekk av som administrerande direktør i Helse Førde etter 13 år. Han er tilsett som ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.