Hopp til innhold

Har trua på eit vikingsenter

Reiselivsdirektør Per Arne Tuftin i Innovasjon Norge har trua på eit vikingsenter på Nordfjordeid.

Vikingskip på fjorden

VIL PIRRE: Vikingtida er ikkje godt nok kjend til å i seg sjølv trekkje turistar, men er stor nok til å pirre dei turistane som allereie har funne vegen til Norge, meiner reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin.

Foto: Arkikon AS / NRK

Per Arne Tuftin trur eit vikingsenter kan få turistane til å leggje att meir pengar i fylket.

I Nordfjord har ei prosjektgruppe planar om eit senter til vel 50 millionar kroner knytt til dei store Myklebustfunna i sentrum, Sagastad.

– Eg trur at vikingskip er noko av det vi globalt er mest kjend for, seier reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge.

Kopi og senter

Tøger Lien er prosjektansvarleg for Sagastad, og ein av fleire entusiastiske eidarar som har tru på at vikingturisme kan bli eit nytt tilbod til turistane.

Samla om prosjektet

SAMLA: Eid-ordførar Alfred Bjørlo, prosjektansvarleg i Sagastad Tøger Lien og prosjektleiar Synnøve Aabrekk.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Tanken er å byggje ein kopi av det truleg 30 meter lange Myklebustskipet som vart avdekka av arkeologar på 1800-talet. I tillegg kjem eit eige besøkssenter til 50 millionar kroner.

– Eit vikingskip som ligg opplyst på land, i eit glasnaust om vinteren, eg trur det ville vore heilt fantastisk, seier prosjektleiar Synnøve Aabrekk.

Størst i landet

Restane av det som kanskje er det største vikingskipet som har blitt funne i Norge , vart nettopp oppdaga på Nordfjordeid. Men sidan det vart nedbrent i ei vikinggrav på 800-talet, har skipet aldri blitt så kjent som til dømes dei intakte vikingskipa på Bygdøy i Oslo.

Alle gjenstandane elles i grava gjer funnet unikt i nasjonal samanheng. Tuftin trur slikt vil lokke turistar.

– Det å få sjå, oppleve og høyre historia om vikingane er absolutt noko som turistane vil setje pris på, trur han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Visste du at det største vikingskipet som er funne i Norge, i si tid blei utgreve på Nordfjordeid. 
For fyrste gong er det no laga ein modell av det unike funnet.
Og no skal vikingtida blir turistattraksjon...

SJÅ TV-SAK: Norges største vikingskip kjem frå Nordfjordeid.

Vil «pirre» turistane

Reiselivsdirektøren i Innovasjon Norge seier vikingtida er nokså kjend i utlandet, men likevel ikkje stor nok til å lokke turistar til Norge åleine.

Han meiner vikingane derimot er store nok til å gjere turistane som alt er komne hit nyfikne.

– Og ikkje minst får ein turistane til å stoppe opp ved dei attraksjonane som er, seier han og meiner det er rett å satse på oppleving og deltaking framfor utstilling av museumsgjenstandar.

Frynsete rykte

Det fins døme kring om i landet på at slike vikingtilbod går godt. Men Tuftin meiner også at ein ikkje må gløyme at vikingane også har eit frynsete rykte.

– Så er jo det ikkje berre positive assosiasjonar kring vikingane og deira framferd i enkelte land. Ein skal nok vere litt audmjuke også når ein går ut og skal marknadsføre denne kulturen, avsluttar han.