Hopp til innhold

Har tredobla bubilsalet

Stadig fleire vel bubil som ferieform. I Sunnfjord har ein forhandlar selt tre gonger så mange bubilar til no i år som i heile fjor. På landsplan er det no 40.000 motoriserte hytter på hjul.

Bjarte Sunde, Caravan Vest

MERKAR PÅGANGEN: Bjarte Sunde i Caravan Vest har selt 15 bubilar til no i år.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det har vore stor pågang på nye bubilar. Vi har tredobla tale selde bilar i høve til tidlegare år, seier Bjarte Sunde ved Caravan Vest.

Han viser NRK ein splitter ny bubil ved anlegget på Skilbrei sør for Førde. Modellen av merket Adria er kledd rundt ein Fiat. Her er soveplass for fleire personar, bad, kjøkenkrok og sitjegruppe. Men for dei med slunken pengebok er ikkje ein fabrikkny bubil noko å tenkje på.

– Den kostar 900.000 kroner.

– Ja, så dette er berre for pengesterke folk?

– Nei, der er billegare enn ei hytte. Dette er hytte på hjul, og du kan farte rundt alle stader, smiler seljaren.

Nedgang i fjor – auke i år

Medan bubilsalet på landsplan hadde ein jamn og sterk auke frå 2010 til 2013, vart det nedgang i fjor. Men statistikken frå første halvår i år viser igjen auke. Det ser ut til å bli selt om lag 2600 nye bubilar i 2015, ein auke på fire prosent frå i fjor.

Vest Caravan på Skilbrei i Gaular har selt gjennomsnittleg fem bubilar i året dei siste åra. Til no i år har dei selt heile 15.

– Pågangen har vore veldig stor. Det er tydeleg at folk ønskjer å handle lokalt. No har dei to andre forhandlarane som har vore i Sogn og Fjordane forsvunne. Truleg er Medverkande til oppgangen, trur Sunde.

Bjarte Sunde

EI FORM FOR HYTTE: Bubilane kostar langt meir enn ein normal familiebil, men seljar Bjarte Sunde meiner dei likevel er eit rimeleg alternativ til ei konvensjonell hytte.

Foto: Bård Siem / NRK

Har fått 6000 nye medlemmer

Samstundes som det blir fleire norskregistrerte bubilar på vegane, har Norsk bobilforening hatt vakse dei siste åra.

– Det er ein stor trend i Norge å kjøpe bubil. Vi har auka med om lag 6000 medlemmer dei siste. Ein ganske stor auke, seier dagleg leiar i foreininga, Tore Steinar Pettersen.

– Kvifor har bubil blitt så populært?

– Du er fri som fuglen. Du kan reiste stort sett kvar du vil, og campingplassar og styresmakter byrjar å bli flinke til å legge til rette for bubilar.