Hopp til innhold

Her er beviset på at Hammer MC støttar Hells Angels

Dette biletet viser eit Hammer MC-medlem som har 81-merket som knyttar han til den kriminelt belasta motorsykkelsklubben Hells Angels.

Hammer MC-medlem med Hells Angels-symbol

HELLS ANGELS-SYMBOL: Dette biletet er teke av eit Hammer MC-medlem inne i lokalet til klubben. Han bærer merket som knyttar han til Hells Angels.

Denne veka har NRK avslørt at 27 motorsykkelklubbar i landet nyleg har blitt støtteklubb for Hells Angels. Blant desse klubbane er Hammer MC i Florø.

Dermed får den kriminellt belasta motorsykkelklubben endå meir feste i Norge.

Vil ikkje snakke med NRK

Medlemmer som NRK har snakka med i Hammer MC nektar for at dei støttar Hells Angels. Men bilete som NRK har fått tak i til syner at medlemmer i Florø-klubben har «Support Club 81»-merket på brystet, noko som knyttar dei til det kriminelt belasta MC-miljøet.

Biletet har NRK henta frå ein open profil på Facebook. Etter at NRK avslørte dette har vedkommande stengt profilen sin.

Det er berre medlemmer i klubbar som formelt er tilknytta Hells Angels som får bære eit ruterforma merke med teksten «Support Club 81» på vestane sine.

81 betyr Hells Angels fordi den åttande bokstaven i alfabetet er «h» og den første bokstaven er «a». Det blir «HA» dersom ein set saman bokstavane, altså Hells Angels.

Onsdag oppsøkte NRK hovudkvarteret til Hammer MC i Florø, men ingen ville snakke med oss. Vi har også ringt til sentrale medlemmer, men ingen vil la seg intervjue. Eit av medlemmane seier påstanden om at dei er støtteklubb til Hells Angels, er «vissvass.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Hammer MC-medlem med Hells Angels-symbol

VÅPEN: «Support Club 81»-merket til høgre på vesten kan kun bærast av medlemmer i støtteklubbar som er knytta til Hells Angels. Legg merke til våpenet på veggen.

Medlemmer er straffedømde

Etter det NRK kjenner til har fleire Hammer MC-medlemmer 81-merket på skinnvesten sin. Kjelder vi har snakka med seier det er statuettar og plakatar med Hells Angels-logoar i klubblokalet.

NRK veit at medlemmer i Hammer MC er straffedømde for mellom anna narkotika- og valdskriminalitet.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

KONTROLL: Politistasjonssejef Robert Veset seier politiet har kontroll på det kriminelle miljøet i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei 27 nye støtteklubbane er etablert på kort tid i byar og tettstader over heile landet. Grunnen til dette er at Hells Angels har overtalt klubbar til å bli formelt tilnytta dei, ifølgje NRK Brennpunkt

Fann skytevåpen og narkotika

Hammer MC har vore i politiets søkjelys tidlegare: I 2003 gjennomførte politiet ein større razzia i klubblokala. Dei fann då narkotika, medikament, skytevåpen, og det dei mistenkte var smuglargods.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon seier han verken vil avkrefte eller bekrefte påstandane om at Hammer MC idag har tilknytning til eit organisert kriminelt nettverk.

– Eg ønskjer ikkje seie kva som er status. Politiet føl med på det som skjer, og vil meiner vi har ganske god kontroll på det som skjer i byen, seier Veseth.

Høyr radiosak her: