Hopp til innhold

Meiner røyrbru over Sognefjorden skal kunne tåle skipskollisjon

To risikoanalysar meiner at sannsynet for at ei bru over Sognefjorden kollapsar på grunn av ein skipskollisjon, er så liten at det ikkje kjem til å skje i løpet av ein hundreårsperiode.

Røyrbru E39

TOLER EIN STØYT: Røyrbru er eitt av alternativa som vert vurderte over Sognefjorden. Ifølgje Rambøll toler ei slik bru ein skipskollisjon utan at det vert katastrofe.

Foto: Statens vegvesen

Det er talknusarar frå Rambøll som har sett nøye på fakta for å finne ut kva farar som kan true ei kommande røyrbru over Sognefjorden, skriv tu.no.

Det er nemleg ein fastforbindelse over Sognefjorden som er den store teknologiske testen på om det er mogleg at E39 mellom Stavanger og Trondheim ein gang i framtida verkeleg vert ferjefri, slik fleirtalet i Stortinget har teke til orde for.

Må bestemme seg for brutype

I Statens vegvesen sin hovudrapport om ferjefri E39, går det fram at løysingane for ei hengjebru over den 3,7 kilometer breie Sognefjorden ved Lavik kan vere klar alt om tre år.

Dei tekniske løysingane for ei fire kilometer lang flytebru vil vere klare i 2017, medan løysingane for ei røyrbru vil vere klare i 2018. Avhengig av kva løysing som vert valt, vil prislappen for å krysse Sognefjorden ferjefritt komme på mellom fem og sju milliardar kroner.

Einskilde har stilt spørsmål ved kor trygt det er med bru, spesielt dersom eit skip skulle kollidere med brua. Teknisk Ukeblad har fått innsyn i to risikoanalysar, som syner at sannsynet for ein skipskollisjon med katastrofale konsekvensar er forsvinnande lite.

(Artikkelen held fram under biletserien)

Hyppig trafikkert av lasteskip

Rett nok vil ei røyrbru i snitt bli treft av eit fartøy kvart niande år, men då tek ein også med tilfelle der skipa så vidt er borti, eller der svært små skip treffer brua.

Ifølgje nettsida er sannsynet for ein kollisjon som fører til at brua kollapsar, så liten at det ikkje vil skje i løpet av ein hundreårsperiode.

Det er Statens vegvesen som har bedd Rambøll vurdere om skipstrafikken i Sognefjorden utgjer ein fare for brua, eller om skipa er utsette for uakseptabel høg risiko ved ein slik type bru.

Sognefjorden er hyppig trafikkert av lasteskip, mange av dei skal til industristadane Årdalstangen og Høyanger. Hurtigbåten frå Bergen går også inn fjorden til endestasjonen i Sogndal.

I sommarsesongen er det hyppig cruiseskipstrafikk på Sognefjorden.