Hopp til innhold

Gjett kor mykje dei har tent på utdrikkingslaget...

– Det er jo heilt sjukt. Det er jo det, humrar Øyvin Vabø – brudgommen som for to år sidan vart landskjendis etter utdrikkingslaget. Framleis lever videoen godt i sosiale medium.

Det som skal utdrikkast plar få oppdraget med å samle inn pengar under eige utdrikkingslag. Øyvin Vabø har gjort det i etterkant.

For den elleville videoen Eirik Rutledal publiserte på Youtube har så langt finansiert nok eit sosialt lag for kompisgjengen på tolv.

– Vi tenkte å samle dei involverte til ei oppsummering på hytta der vi var. Utan filming, humrar Vabø.

Vart lurt

Ein må skru tida ganske nøyaktig to år tilbake for å få med seg starten. Utdrikkingslaget reiste til Gursken der den då 35 år gamle brudgommen fekk bind for augo og lurt til å tru at han skulle hoppe i strikk.

Ikkje ei god kjensle for ein med høgdeskrekk og utan behov for både strikkhopping og fallskjermhopping .

– Det var det verste eg kunne tenkje meg som skjedde. Eg sa at så lenge eg slapp det, så kunne dei «gjere kva f ... dei ville», humra han då.

Seks millionar treff

Seansen vart filma og etter bryllaupet vart videoen lagt ut på Youtube slik at kompisane skulle få sjå den. Men det fekk også heile verda.

Så langt er den vist nær seks millionar gonger på Youtube, og 1,4 millionar på den britiske snakkissida Uni Lad. Til saman har den fått vel 6.000 kommentarar.

Endre Rutledal og Øivin Vabø

IKKJE OVERRASKA: Øvyin Vabø (t.h.), her saman med forlovar Endre Rutledal, er ikkje overraska over at videoen framleis verserer på verdsveven. – Alt som er morosamt går sin gang. Eg er berre glad for at eg hoppa. Elles hadde det nok vore verre, ler han.

Foto: Kristin A. Oldeide

Eit selskap tilbydde seg å selje annonsar og rettane til filmen mot ein del av fortenesta. Dette har generert kring 12.000 kroner.

– Det er ikkje noko enormt beløp som gjer at vi kan slutte i dagjobben. Då må ein nok opp i «Ylvis-klassa». Men det gir ein god slant til kvar av oss når vi samlast igjen, seier rettigheitsinnehavar Rutledal.

Selt til TV-selskap

Framleis tikkar det små beløp inn på kontoen. Her blir dei ståande til gjengen skal samlast på nytt.

– Vi fekk vel 10.000 kroner første tre-fire månadane. Den største enkeltsummen var eit TV-selskap som betalte. Youtube-klikka gir mindre beløp, seier Rutledal.

Hovudpersonen er berre glad for at han hoppa.

– Eg tykkjer berre det er festleg. Det hadde vore utruleg artig å bikka seks millionar treff på Youtube, seier han.

– Det er ein del negative kommentarar som kjem og folk som meiner brudgommen ikkje kan ha vore ved sine fulle fem som gjekk på spøken.

– Det var han ikkje heller. Han vart litt skremd og drakk litt fort i taxien.

Kan bli testa igjen

Vabø bryr seg fint lite om dei negative kommentarane, og reknar ikkje med å bli utsett for nye spøkar når kompisgjengen samlast igjen.

Rutledal meiner Vabø ikkje skal kjenne seg for sikker på det.

– Det hadde jo vore utruleg kult å testa om han trudde det var same testen igjen, humrar han.