Hopp til innhold

Festbråk og fyll i Sunnfjord i natt

I natt har politiet teke hand om fleire rusa personar i Sunnfjord. I resten av fylket har det vore stilt.

Politi illustrasjon

Illustrasjonsfoto.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Laurdagsnatta starta med at politiet måtte køyre ein person heim til Høyanger, etter at personen laga bråk på ein fest i Balestrand.

Ikkje lenge etter måtte dei vise ein rusa mann i 20-åra vekk frå Førde sentrum fordi han prøve å kome seg inn på ein utestad ved å klatre inn.

Nesten samtidig måtte dei ta hand om ein annan mann i 20-åra fordi han laga bråk på ein offentleg stad, utan for ein utestad.

Ein time etter desse hendingane melder politiet på Twitter at ein overstadig rusa mann i 20-åra vart køyrt heim frå Førde sentrum.

Politiet melder om fleire hendingar på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Ber om tips

Politiet ber om tips etter at dei fekk inn melding om skadeverk på ein brannhydrant ved Førde vidaregåande skule.

Seinare på natta gjorde politiet funn av ein overstadig rusa mann i 40-åra i Florø sentrum. Han vart teke hand av helsepersonell.

I halv fire tida i natt var ein mann i 30-åra, som var overstadig rusa, køyrt heim frå Førde sentrum av politiet.

– Det har vore litt å ta tak i, men ikkje dei store tinga. Dette er vanleg for ein sommarhelg, seier Odd-Arve Solvåg, ved politiets operasjonssentral i Florø, om nattas hendingar.