NRK Meny
Normal

Har teke halvparten av all fangst på ei veke

I løpet av førre veke vart det fanga 1 347 kilo laks i Lærdalselvi. Dette utgjer halvparten av all fangst sidan 10. juni.

Fiskar ved Lærdalselvi

GODT NØGDE: Fiskarane i Lærdalselvi har den siste veka landa 194 kilo laks.

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er eit seint innsig i år, men no er vi i gang, seier leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun.

Før førre veke hadde fiskarane landa 167 laks i Lærdalselvi, men berre i løpet av førre veke vart det teke 194 laks.

Trenden har snudd

Lasse Sælthun

SKEPSISEN HAR SNUDD: Leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun, var svært skeptisk i byrjinga av sesongen, men no har skepsisen blitt til håp.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

På dei to fyrste døgna elva var open vart det berre landa ti laksar. Dette skuldast ein sein vår, ei kald og i periodar stor elv. Men no er trenden snudd, spesielt i nedre delar av elva.

– Fiskarane er svært godt nøgde. Innsiget kjem sjølvsagt fyrst i nedre delar av elva, så fiskarane som held til der trur eg har det veldig fint, seier Sælthun.

Han håpar og trur resten av sesongen blir bra.

– Eg var veldig skeptisk i byrjinga av sesongen når ho var så kald, men no har eg eit bra håp om at resten av sesongen blir god, fortel Sælthun.

Temperaturauke gjev betre fiske

I Flekkeelva i Fjaler har elva no minka ned, noko som gjer det litt vanskelegare å få fisk. Men fisken bite likevel meir enn tidlegare denne sesongen.

– Ein har fått ein 110 til 115 fisk, noko som er bra sidan vi om lag ikkje fekk noko på byrjinga av sommaren, seier grunneigar i Flekkeelva, Ola Kjell Loneland.

Han fortel at det er temperaturauken i elva som gjer at det no går betre, men at alt avheng om det kjem regn framover.

I Nausta i Naustdal har dei fått godt med fisk heile sesongen, men laksen har framleis ikkje gått langt opp i elva.

– Vi har fått 1 300 kilo laks på 1,2 kilometer elv, så det er jo bra. Men i fjor var det fisk i heile elva allereie 1. juni, fortel Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag.