NRK Meny
Normal

Har tatt førarkortet til sikta MC-førar

Nordfjordingen som politiet meiner er motorsyklisten som stakk av etter å ha blitt målt 171 km/t, vart torsdag fråteken førarkortet.

Laserkontroll

MÅLT TIL 171: Motorsyklisten stakk av etter å ha blitt målt til 171 km/t av ein UP-patrulje i Nordfjord. Illustrasjonsfoto

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

– Han blei avhøyrt på nytt torsdag. Han vart fråteke førarkortet sitt, og samtykka til beslag av dette inntil saka er endeleg avgjort, opplyser Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor.

Storstilt politijakt

Politiet sette i gang ein klappjakt langs riksveg 15 då ein motorsyklist stakk av frå ein UP-kontroll ved Allmenningen i Vågsøy 27. juni. MC-en vart målt til 171 km/t, men nekta å stoppe. Politiet rakk heller ikkje å notere seg registreringsnummeret.

Ei politisperring vart sett opp på Nordfjordeid, men sykkelen passerte aldri politiet sitt kontrollpunkt. Det vart leitt på sidevegar utan hell.

– Dette er ei alvorleg sak. Når du køyrer så fort, så leiker du både med eige og andre sine liv, uttalte lensmann Tormod Hvattum til NRK.

Har vore inne til to avhøyr

Etter å ha jakta på MC-føraren i fleire dagar sikta politiet ein mann frå Vågsøy rundt månadsskiftet. Politiet kom fram til mannen ved hjelp av vitne og bilete frå overvakingskamera

– Det står framleis att ein del etterforsking før vi kan sende saka til jurist for påtale.

Bakke vil utover det ikkje kommentere kva sikta har forklart.

– Min klient har samarbeidd med politiet. Han har vore inne til to avhøyr og har forklart seg om det han har blitt spurd om. Når det gjeld samtykket til førarkortbeslaget, så er det av reint praktiske årsaker. Ein ønskjer alltid å legge forholda til rette for politiet, slik at dei kan finne ut kva som har skjedd, seier sikta sin forsvarer, Paul Inge Angelshaug.

Blir sikta tiltalt og funnen skuldig, må han rekne med fengselsstraff utan vilkår.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy