Hopp til innhold

Har tapt flest arbeidsplassar

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har tapt flest arbeidsplassar dei siste 10 åra.

Fundo Wheels i Høyanger

KONKURS: 300 personar mista jobben då Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009. Det er berre ei av bedriftene som har bidrege til det store tapet i tal arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Dette er alvorleg, seier fylkesdirektør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland.

Verst stilt i heile landet

Halvor Flatland

ALVORLEG: Halvor Flatland i Innovasjon Norge i fylket seier utviklinga er alvorleg.

Foto: Bård Siem / NRK

Talet på verksemder i Sogn og Fjordane som har måtte gjere store kutt i arbeidsstokken dei siste åra har blitt mange. Hydro Aluminium, Vik Ørsta og STX Europe er berre nokre av dei.

LES OGSÅ:

Samla sett er fjordfylket det fylket i landet som har tapt prosentvis flest arbeidsplassar dei siste ti åra.

- Det er eit stort problem. For nettopp arbeidsplassar er noko av dei viktigaste vi må ha skal vi ha folk i dette fylket, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hydro Aluminium i Årdal

HAR KUTTA: Hydro har måtte gjere kutt i arbeidsstokken ved sine verk i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Finanskrisa har råka hardt siste åra

I 2009 vart Høyangersamfunnet råka hardt då Fundo Wheels gjekk konkurs og 300 tilsette måtte gå.

Tal Innovasjon Norge har henta inn dei siste to åra viser at fylket framleis tapar arbeidsplassar.

- Ikkje overraskande har finanskrisa gitt færre arbeidsplassar, seier Flatland.

- Vi må tenkje nytt

Dagleg leiar i Framtidsfylket Anne van Oorschot

SATSE: Dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot meiner Sogn og Fjordane må tenkje nytt for framtida.

Foto: Framtidsfylket

Samtidig kan Framtidsfylket skryte av rekordoppmøte på karrieremessene som skal lokke ungdom tilbake til fylket.

- I løpet av dei fire messene der Sogn og Fjordane har vist seg fram på i februar har det kome til saman 1250 besøkande, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne Van Oorschot.

Dei siste ti åra er det industrien som har tapt flest arbeidsplassar – til saman 2000 arbeidsplassar på ti år.

Van Oorschot meiner det er på tide at Sogn og Fjordane finn nye satsingsområder.

- Vi må vere frampå og henge med. Vi må omstille oss, tenkje nye produkt og nye tenester som vi kan tilby frå fylket, seier Van Oorschot.