Hopp til innhold

Har tapt alle tre cupfinalane, men no ...

FØRDE (NRK): Mathias Loftesnes er dobbel cupmeister i Estland – men i Norge har han tapt tre cupfinalar med Førde. No er han ute etter kongepokalen.

Mathias Loftesnes

MED DET FJERDE ...: Mathias Loftesnes har ingen planar om å tape sin fjerde cupfinalen. Laurdag kan han ta sin første kongepokal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har veldig lyst til å vinne. Det er inga god kjensle å tape cupfinalen, seier Mathias Loftesnes.

Han veit kva han snakkar om. Sogningen på Førde har nemleg spelte tre cupfinalar for dei blå – og han har tapt alle gongane.

Laurdag får han nok ein moglegheit til å feire ein NM-tittel. På andre sida av nettet i Domus Atletica står NTNUI. Førde er ute etter sin første cuptriumf sidan 2011.

– Det er på tide å ta heim kongepokalen no, seier Loftesnes.

Har vunne cuptitlar i utlandet, men ikkje i Norge

Førde tok seg vidare til NM-finalen etter ein høgdramatisk semifinale heime mot Randaberg. Først etter golden sett var billetten til Oslo sikra.

Denne veka nyttar laget til å førebu seg på vanskeleg motstand i finalen.

– Eg trur det blir ein tøff kamp. Vi tapte ein jamn kamp i Trondheim for ikkje så lenge sidan, seier Loftesnes.

Sjølv har han som proff vunne cupen i Estland to gongar. Der vann han også serien. I Tsjekkia fekk han med seg ein høgthengande tredjeplass. Men eit cupgull i Norge vil overgå alt.

– Cupfinalen er ein arena der vi får vist oss fram. Det er ein kamp alle vil spele, seier Loftesnes.

Sjå den siste ballvekslinga og den ville jubelen då Førde slo Randaberg og sikra seg plass i NM-finalen i volleyball.

JUBEL: Slik såg det ut då Førde avgjorde semifinalen mot Randaberg og sleppte jubelen laus på heimebane.

Mykje vil handle om mottak – trur på siger

Med seg på laget har Loftesnes også eks-proffane Lars Fredrik Tvinde og Geir Eithun.

Sistnemnde spelte kampen då Førde tok NM-gullet på heimebane i 2011.

– Det var ei fantastisk kjensle, og ikkje så ulikt det vi opplevde etter semifinalen mot Randaberg. Eg er ganske sikker på at Mathias får med seg eit trofé denne gongen, seier Eithun.

– Men eg trur det blir ein tøff kamp. Eg er veldig sikker på at det vil handle mykje om mottak, slik det har vore dei siste åra. Så fiksar vi det på laurdag, så tar vi den kampen.

Geir Eithun i aksjon for Førde

HAR VUNNE: Geir Eithun veit korleis vinnarkjensla etter i cupfinalen. Han spelte kampen då Førde sist vann NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenaren har luksusproblem med laguttaket

Det er venta tre busslastar med supporterar frå Førde til finalen på laurdag. Førde-spelarane trur tribunekampen kan bety mykje for utfallet i kampen.

– Vi såg kor viktig publikum var då vi vann dei jamne setta mot Randaberg i semifinalen. Supporterane er som ein eller to mann ekstra, seier Eithun.

Trenaren er godt nøgd med arbeidet spelarane har lagt ned denne veka.

– NTNUI slo oss sist, men det kjem ikkje til å skje igjen. Eg meiner vi har det beste laget, seier Jan Egil Tvinde.

– Vi har så brei og god stall at eg får litt hovudbry med å ta ut laget, seier han.

Assistenttrenar Vidar Vie (t.v.) i samtale med trenar Jan Egil Tvinde

HOVUDBRY: Assistenttrenar Vidar Vie (t.v.) og hovudtrenar Jan Egil Tvinde har ein så jamn tropp at dei har luksusproblem når dei skal ta ut cupfinalelaget.

Foto: Rune Fossum / NRK