I dag starta saka mot dei Terra-meklarane Harald Norberg og Knut Anders Opstad i Oslo Byfogdembete
Terra Securities selde svært risikable investeringar til åtte kommunar. Det er teke arrest i dei to Terra-meklarane sine hus, hytter og bilar. No kjempar dei for å få tilbake retten over eigedelane sine.
I retten i dag vart tapstala presenterte. Ifølgje Dagens Næringsliv er tapet for Bremanger rekna å vere 90 millionar kroner på papiret. Vik har eit papirtap i november på 31,4 millionar kroner om dei hadde valt å selje obligasjonane.
Glopparen Ola Sundt Ravnestad, som tidlegare var styreleiar i Terra Securities, skal vitne i saka.