Hopp til innhold

Midtstopparkjempa meiner tida er moden for å pynte på dyster 16. mai-statistikk

Dagen før nasjonaldagen vert rekna som fotballens festdag. Men for Sogndal har den gjeve så som så med poengfangst siste åra.

Gustav Valsvik

JUBEL: Gustav Valsvik meiner alt ligg til rette for å pynte på ein dyster 16. mai-statistikk for Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Sogndal har tapt ti av dei 12 siste 16. mai-kampane i Eliteserien. I kveld møter dei Aalesund i nok eit bortemøte dagen før dagen.

Midtstoppar Gustav Valsvik meiner alt ligg til rette for å pynte på denne statistikken.

– Vi har brote ein del statistikkar med Jonas siste åra, så kvifor ikkje, seier 20-åringen.

Oftare smil

Sogndal kjem frå sesongens første heimesiger, til eit Aalesund-lag som må seiast å ha underprestert i årets første sju kampar. Sunnmøringane er førebels på kvalifisieringsplass med seks poeng.

(Artikkelen held fram under live-oppdateringa)

Laster innhold, vennligst vent..

Jonas Olsson sine disiplar innehar plassen over, med eitt poeng meir. Takka vere Valsvik si stupheading i 2-1-sigeren over Start.

– Vi har hatt ei god halvveke med trening og eg føler vi har boosten og greier å halde på det positive spelet frå Start-kampen. Når du har vore igjennom ein tung periode, så ser du oftare smil og du merker på stemninga at ein siger er viktig for moralen, seier vikjen.

På benken i 2011

Men for dei som likar statistikkar, så er ikkje 16. mai-statistikken til Sogndal noko lystig lesnad. Sidan 1991 har Sogndal berre vunne ein 16. mai-kamp på øvste nivå.

Det skjedde i Telenor Arena i 2011, mot Stabæk. Då var berre tre spelarar frå dagens tropp med. Og alle sat på benken. Inkludert Valsvik.

– Eg hugsar det godt. Det var vel Mats Solheim som avgjorde den kampen, men det var mykje trøkk og ganske fullt på arenaen, seier han.

Presset er på Aalesund

– Det er alltid kjekt med mykje trøkk og liv på kampane 16. mai, held Valsvik fram.

I kveld er det altså Aalesund som er motstandar. Tradisjonen tru for Sogndal sin del, spelar dei også på bortebane. Sogndal stiller med same tropp som i oppgjeret mot Start.

– No møter vi eit Aalesund-lag som også sliter. Og det er nok meir press for dei med heimebane og 16. mai, enn det er for oss. Men eg trur det blir ein jamn kamp, seier han.

Dansk matchvinnar

– Det kan fort vere at Aalesund går ut i 120 i eit forsøk på å revansjere den dårlege starten, men eg håpar vi klarar å spele vårt eige spel og får overtaket. Vi har hatt gode kampar her siste åra, så det kan fort bikke vår veg. Eg håpar det skjer i dag, seier Valsvik og siktar til to uavgjorte kampar siste åra på ColorLine stadion.

– Om du tippar resultat?

– Eg tippar vi stikk av med sigeren 2-1. Men eg blir ikkje matchvinnar i kveld. Det blir Tonny Brochmann.

Laster innhold, vennligst vent..