NRK Meny
Normal

Har sunnfjordingane laga landets nyaste hit?

Jan Tore Befring og Håvard Erle sin song "Damer og solnedgongar" gjekk vidare i musikkprogrammet «The Hit». Blir D. D. E sin versjon av songen landets nye hitsong?

Jan Tore Befring og Håvard Erle vant kveldens The Hit

– Det er veldig kjekt, for å bruke milde ord. Det er ganske stort, seier Jan Tore Befring etter at det er klart at songen deira er plukka ut til finalen i programmet «The Hit».

Songen han har laga saman med Håvard Erle vart plukka ut av D. D. E, som den songen av seks dei meinte hadde størst potensial. Under kveldens direktesending kunne sjåarane og publikum vidare velje mellom Maria Haukaas Mittet og D. D. E sine utvalde låtar. Sistnemnde trakk det lengste strået, og dermed er Befring og Erle sin song sikra vidare liv. For no blir den trønderrockarane sin neste singel.

Sunnfjordingane som har komponert songen vart imponerte over trønderane si framføring.

– Dei spelte den kanonbra. Eg vart misunneleg, seier Befring og Erle.

SJÅ D.D.E. SIN VERSJON AV SONGEN:

Damer og solnedgongar D.D.E

Må covre sin eige song

Trønderrockarane i D.D.E., som valde mellom to songar å satse på som sin nye singel, seier at valet ikkje var beint fram.

– Vi var veldig i tvil, begge songane var gode på kvar sin måte, men etter litt stammeråd og Ole Evenrud som produsent landa vi på den som var nærast D. D. E på eit vis, seier frontfigur i den trønderske gruppa, Bjarne Brøndbo.

Han trur songen kan slå an.

– Den har absolutt hitpotensial, seier Brøndbo.

Bandet Drusar skal spele inn ny plate i løpet av hausten. På konsertar og kanskje også på plate står bandmedlemmane no overfor eit dilemma.

– Vi spelar songen i bandet, men vi må vurdere om vi skal halde fram med det. For då blir det ein coversong av D. D. E, sjølv om det er vi som har skrive den, seier Befring og Erle.

Jan Tore Befring og Håvard Erle stakk av med sigeren og er sikra finaleplass i The Hit.

VANN: Jan Tore Befring og Håvard Erle er sikra finaleplass i The Hit, med songen 'Damer og solnedgongar'.

Foto: NRK

Allereie neste veke får ein svaret på kven av dei åtte songane som sjåarane trur har størst hit-potensial. Då går finalen av stabelen, og "Damer og solnedgongar" kjempar om sigeren saman med seks andre låtar.

– Det er det vi har drøymt om siste tida, så det er stort. Mykje større enn vi klarer å innsjå akkurat no, seier dei to finaleklare karane.

Både D.D.E. og dei to sunnfjordingane blir å høyre i Nitimen i NRK P1 laurdag klokka 09.05.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser