Kollektivturisme-konseptet «Travel like the locals» har gitt millionar i ekstra billettinntekter for Møre og Romsdal fylkeskommune. Her blir eksisterande buss-, båt-, tog- og ferjeruter sett saman til rundturar som skal vere enkle å bestille og attraktive for turistane.
– Vi har fått tilbakemeldingar på at dette er populært og møter trendar i reiselivet der ein reiser individuelt og er nær lokalmiljøet ein besøkjer, seier Marit Holen.
Ho er tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune og er prosjektleiar når «Travel like the locals» no også blir innført i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
I dei fire vestlandsfylka kan turistane velje i nær hundre rundturar totalt.
Passasjervekst
Møre og Romsdal starta med kollektivturisme i 2016. Då brukte 3600 turistar tilbodet, mot rundt 8000 i fjor. Turane kan bestillast på nett eller kjøpast på turistkontor. Holen meiner konseptet er gunstig både for turistane, for reiselivsaktørane og for fylkeskommunane.
– For oss betyr det at vi kan få fleire reisande på våre bussar, båtar og ferjer. Særleg på sommaren har vi ekstra kapasitet, og det er fint at vi kan få fylt opp med turistar.
Konseptet vil kunne bidra til fleire reisande på buss- og båtruter som ikkje har så stort belegg, påpeiker assisterande fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Øystein Hunvik.
– Slik kan det bidra til å sikre kollektivtilbodet i distrikta.
Fylkeskommunane samarbeider med trafikkselskap og destinasjonsselskap om rundturane. Dagleg leiar i destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten Marita Solheim seier dei har sett behovet for eit slikt tilbod. Å finne fram i rutetabellane med eit ukjent språk og framande symbol, kan vere utfordrande for turistar.
– Det å gjere det lett å forstå og kjøpe, vil nok stimulere til at fleire bruker desse rutene, seier Solheim.
– Det er vinn-vinn at ein nyttar ledig kapasitet på offentleg kollektivtransport, og at det er ein miljøvennleg og berekraftig måte å forflytte seg på. Det er i tråd med korleis vi ønsker å utvikle reiselivet.
Ekstrainntekter
Gjennom dei tre sesongane i Møre og Romsdal hatt kring 20 reisande av ca. 17 500 totalt opplevd trøbbel på vegen.
– Eg var litt nervøs før første sesongen, at turistar skulle bli ståande igjen her og der. Men det har gått overveldande bra, seier Holen.
Og for fylkeskommunen betyr tilbodet ekstra mynt i kassa.
– Vi er ganske sikre på at mange av dei som bruker tilbodet, ikkje vil reist kollektivt elles. Det bidreg med nokre millionar inn. I den store samanhengen når det gjeld kollektivtrafikk er ikkje åtte tusen veldig mange, men nokre millionar kan brukast til å styrkje tilbodet elles.