Har store avlingstap, men får ikkje hjelp av krisepakka

Torill Nina Midtkandal i Stryn har brukt 250 000 kroner på fôr til vinteren. Ho trudde det kom kompensasjon for avlingstapet, men krisepakka til bøndene er til liten hjelp for dei som er hardast råka i Sogn og Fjordane.

Torill Nina Midtkandal

I EIN VANSKELEG SITUASJON: Torill Nina Midtkandal får ikkje mykje hjelp av krisepakka til bøndene. Det set ho i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Foto: privat

– Eg får ilt i magen når eg tenkjer på dei som er verst råka av tørken i fylket vårt, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Torsdag vart det klart at bondeorganisasjonane og staten er blitt einige om ei krisepakke på 525 millionar kroner til bøndene etter tørken i sommar.

– Det er ei klar prioritering av dei bøndene som har opplevd den største nedsida med tørka. Det gjer at det er ei arealmessig avgrensing på kvar dette treffe, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

Eit kriseår av dimensjonar

Denne arealmessige avgrensinga får store konsekvensar Torill Nina Midtkandal og andre hardt råka bønder i Sogn og Fjordane.

– For dei som har store avlingar, slik som oss, vil dette i praksis bety at vi ikkje får nokon kompensasjon, seier Midtkandal. Ho driv eit gardsbruk med 35 mjølkekyr i Stryn.

Midtkandal manglar 50 prosent av avlingane sine og har kjøpt inn fôr for 250 000 kroner.

– Dette har vore eit kriseår av dimensjonar og no kan vi kan forvente ei erstatning på knapt 50 000 kroner. Det kjem til å bli veldig trongt økonomisk framover, seier ho.

Ho er skuffa over at gardsbruka ikkje får individuell behandling, men at staten heller vel å gi kompensasjon til alle bøndene i utvalde fylke og kommunar.

Håpar bøndene vil hjelpe kvarandre

Anders Felde i Bondelaget er glad for at bondeorganisasjonane og staten kom til einigheit om ei krisepakke, men har forstår skuffelsen til Midtkandal.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

FORSTÅR SKUFFELSEN: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, forstår at mange bønder i fylket er skuffa over krisepakka.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– I denne pakken kjem dei hardast råka i fylket vår aller dårlegast ut. Ordninga tek ikkje opp i seg dei som har store avlingar per dekar. Dei får ikkje det tillegget per dyr som dei får på Øst- og Sørlandet, og det skulle dei hatt, meiner han.

Han oppmodar bøndene om å hjelpe kvarandre i tida framover.

– Har du rundballar til overs, så sel dei rimeleg til dei bøndene som er hardt råka for dei bør vi absolutt støtte opp om.