NRK Meny
Normal

Har stor tru på skyttarane frå fylket

I morgon opnar årets Landsskyttarstemne, der 207 skyttarar frå Sogn og Fjordane skal prøve å treffe blink.

Landsskytterstevnet

FOLKSOMT: Heile ti tusen skyte-entusiastar er venta til bygda Øverbygd i Troms. Slik såg det ut på Landsskyttarstemnet i Voss i 2012.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I ei heil veke framover er det Landsskyttarstemnet i Målselv i Troms som opptar alle skyteinteresserte i landet. Heile ti tusen entusiastar reiser no for å vere i bygda Øverbygd den kommande veka. Der bur det berre 250 personar til vanleg.

Jørn Njøs frå Leikanger er på plass i Målselv. Han skal sjølv stille på standplass, men er hovudsakleg med som støttande pappa. Han har stor tru på skyttarane frå Sogn og Fjordane.

– Det kan bli veldig bra. Det er mange som har skote godt i år, så det kan faktisk bli kjempebra, seier Njøs.

Ein klar favoritt

Han har sett at det er mange unge som har gjort det bra lenge i år. Særleg vil han trekke fram miljøet i Oppedal og Brekke, som han meiner er eit stort og godt miljø.

Jørn Njøs

PÅ PLASS: Jørn Njøs frå Leikanger er på plass i Troms. Her skal han sjølv konkurrere litt, men hovudsakleg vere støtteapparat.

Foto: Privat

– Eg trur nok at éin av juniorane derifrå kjem til å slå til i år, på Landsskyttarstemnet, seier han.

Dersom han skal trekke fram éin som kan utmerke seg, blir det Vegard Solhaug frå Aurland.

– Vegard skaut 249 av 250 på Vestlandsmeisterskapen for ein månad sidan. Er han i nærleiken av det, så hamnar han garantert på kongelaget, seier Njøs.

NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde har òg nemnt Solhaug som Sogn og Fjordane sitt største håp.

– Vegard Solhaug er Sogn og Fjordane sin største favoritt til å bli skytterkonge. Han held et stabilt høgt nivå, seier eksperten.

Han han òg trekke fram Hyen-skyttarane Ole Arild Aa og Bertil Oddne Mjellem.

NRK sender direkte

Delar av Landsskyttarstemnet kan du sjå direkte på NRK. Torsdag 4. august skal skyttarkongen kårast, og NRK TV sender direkte frå denne kåringa klokka 19.30.

Onsdag 3. august sender NRK TV frå klokka 10.30, då dei 500 beste skyttarane er i aksjon for ein 25 skots kvalifisering til kongelaget. 23 av desse er fra Sogn og Fjordane. Vegard Solhaug fra Aurland skal skyte klokka 16.15. Ole Arild Aa og Bertil Oddne Mjellem, begge frå Hyen, skal skyte høvesvis klokka 12.40 og 14.30.

Fredag 5. august klokka 20.25 sender NRK finalane fra hurtigøvingane i stang- og felthurtigskyting.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.