Hopp til innhold

No skil desse karane lag – i tru om at takstolbedrifta skal vekse seg endå større

– Det er alltid spennande med det som er nytt og litt ukjent. Men når dagens eigarar først ville selje aksjepostane sine, er eg glad for at Mestergruppen vart kjøpar.

Frå venstre: Rune Sandbakk, Geir Vegsund, Gunnar Svarstad og Eivind Hopland

SEL SEG UT: Frå venstre: Rune Sandbakk salssjef Pretre og medeigar i Stryn Næringspark AS, Geir Vegsund, styreleiar og eigar av Gnist AS, Gunnar Svarstad, fabrikksjef Pretre og medeigar i Stryn Næringspark AS, og Eivind Hopland adm.dir. Pretre.

Det seier administrerande direktør i Pretre, Eivind Hopland til NRK.no fredag.

Det som starta som eit sagbruk i 1976 er i dag kjent som landets største produsent av takstolar. Med base i Stryn har verksemda Pretre spesialisert seg på prefabrikkerte trekonstruksjonar, og gir i dag arbeid til rundt 120 tilsette på fire fabrikkar i Norge.

I går vart dei tilsette informerte om at Mestergruppen AS har kjøpt opp alle aksjane i Pretre AS. Hopland seier både han og dei tilsette har stor tillit til dei nye eigarane.

– Mestergruppen er kanskje den viktigaste byggjevareaktøren i Norge. Vi har ein veldig god relasjon til dei, dei er vår største kunde, og eg har veldig stor trua på at vi skal få til eit godt samarbeid, seier Hopland.

Ifølgje Bygg.no må salet godkjennast av styresmaktene, noko som er forventa gjort i februar.

– Riktig å få inn ein ny sterk eigar

Styreleiar i Pretre AS, Geir Vegsund, seier det var fleire grunnar til at dagens eigarar meinte tida var moden for å få inn nye eigarar.

– Pretre har ønskt å utvikle seg vidare, og då følte vi det var riktig å få inn ein ny sterk eigar som kan løfte selskapet inn i ei ny framtid.

Han understrekar at salet ikkje vart gjort fordi det var nødvendig for at bedrifta skal halde stand, og viser til at Pretre har hatt ein lønsemd vekst over mange år.

– Men vi har alltid hatt ambisjonar, noko vi har vist gjennom investeringane vi har gjort dei siste åra. Vi ønskjer å utnytte ei moglegheit til å bli ein endå større og sterkare aktør, og då følte vi det var riktig å få inn ein ny eigar med både langsiktig tanksett og finansiell kraft til å gjere det.

Pretre

POPULÆRE TAKSTOLAR: Pretre AS er kanskje best kjent for takstolane sine.

Foto: Silje Guddal / NRK

Lovar at arbeidsplassane er trygge

Mestergruppen eig byggjevarekjedene Byggeriet, Byggtorget og XL-BYGG, i tillegg til huskjedene Mesterhus, Systemhus og Blink Hus.

I ei pressemelding lovar konsernsjef i Mestergruppen, Mikkel Sandvik, at Pretre skal halde fram som sjølvstendig selskap med noverande leiing og administrasjon.

– Det er viktig for oss å understreke at dette eigarskiftet ikkje vil påverke strategien til Pretre, som har vore svært vellukka gjennom mange år, seier Sandvik.

Også for avtroppande styreleiar Geir Vegsund har dette vore ein viktig føresetnad.

– Hovudkontoret ligg i Stryn, og det blir liggande der. Med same leiing og administrasjon, og same bemanning på både fabrikk og hovudkontor.

Pretre AS og Mestergruppen AS er samde om å ikkje gå ut med kjøpssummen.