Dette synet møter tissetrengde turistar

Jan Kåre Torheim trudde knapt sine eigne auge då han såg at toaletta på rasteplassen på Utvikfjellet var stengde.

Stengd do

KNIP IGJEN: Trengjande turistar som stoppar på Utvikfjellet må finne andre løysingar når dei skal lette på trykket.

Foto: Jan Kåre Torheim

– Vi er midt i travlaste turistsesongen og så er ikkje toalettfasilitetane opne. Kva er det for noko, spør Torheim.

Midt på Utvikfjellet, på riksveg 60 mellom Byrkjelo og Innvik, er det rasteplass med servicebygg med toalett. Men dørene er låste.

Har teipa over skilta

– Skilta på kvar side av rasteplassen er teipa over. Men er ikkje tanken med eit slikt bygg at det skal bli brukt, spør Torheim, som meiner det er synd og skam at ikkje turistane kan nytte seg av anlegg som er laga for slikt, framfor å gjere frå seg i busker og kratt når behovet melder seg.

– Det er jo eit anlegg som ein sikkert har brukt mykje pengar på. Men det hjelper lite viss det ikkje skal brukast av dei som treng det, seier Torheim.

Byggjeleiar i indre Sunnfjord, Steinar Håvik i Statens vegvesen, stadfestar at toalettanlegget er stengt. Men det har sine heilt naturlege årsaker.

– Bygget er i så dårleg forfatning at vi rett og slett ikkje kan halde det ope. Det er farleg å bruke, så det er ikkje aktuelt å ha det ope, seier Håvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Har teipa skiltet

IKKJE HER: Ifølgje skiltet kan du gjerne raste, men ikkje gå på do.

Foto: Jan Kåre Torheim

Heldt ope så lenge dei torde

Bygninga som husar toaletta er meir eller mindre pill rote, og Vegvesenet meiner det er direkte farleg å halde ope. Difor vart anlegget stengt allereie i fjor haust.

– Vi heldt det ope i fjor så lenge som vi klarte og torde. Men det gjekk til slutt ikkje lenger, seier Håvik.

Han er klar på at det må på plass eit nytt anlegg for å kunne opne. Det er ikkje små utbetringar det er snakk om for å få anlegget i stand.

– Nei, her trur eg vi må ha heilt nytt. Men dette er frykteleg trist, det tykkjer vi også, seier Håvik.

Gjer frå seg i busker og kratt

Saka er meldt inn til fylkeskommunen, då det er dei som må løyve pengar dersom det skal bli orden i dosakene.

– Det vart meldt inn allereie i fjor. Det er klart dette ikkje er bra. Dette er ein veg som er svært mykje nytta av turistar, og når ikkje dei har ein stad å gjere frå seg, så går dei bak buskene og gjer det. Berre tenk kva som skjer når turistbussane stoppar her, seier Håvik.

Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes, kjenner ikkje til at fylkespolitikarane har hatt ei slik sak på bordet.

– Det kan sjølvsagt ha vore nemnt, men det tek ikkje eg att på ståande fot. Uansett legg ikkje vi oss opp i prioriteringar som dette. Vegvesenet får ein pott som dei fritt disponerer, seier Menes.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.