Hopp til innhold

Har stått i kø sidan midnatt

NORDFJORDEID (NRK): Køen for å sleppe inn på festivalcampen på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid strekk seg i morgontimane over 100 meter og køen veks raskt. Dei fremste i køen var på plass allereie ved midnatt.

Sekkeløp på Malakoff

TIDSFORDRIV: Bendi Liseth og Erik Midtbø Kvamme har fått natta i kø til å gå ved å arrangere sekkeløp i soveposane

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Vi var på konsert i går kveld, og hadde ingenting å gjere på etter den, så då stilte vi oss like godt i kø, fortel Bendik Liseth frå Eikefjord.

Det er hard kamp om å få velje seg teltplass fyrst. Billettane er unummererte og det skal inn 5 000 ungdomar med 900 telt på grøntområdet på Plassen.

Har planen klar

Sola skin på camparane frå ein blå himmel. Liseth og Erik Midtbø Kvamme frå Florø ligg framleis i soveposane sine fremst i køen.

Festivalcamparane har vore på festivalen fem gongar tidlegare, men aldri stått fremst i køen. Dei er klare på kva dei ser etter når dei er dei fyrste som får slå opp telte sitt på ein av dei unummererte plassane.

– Vi ser etter ein plass som ligg litt høgare enn dei andre, med god utsikt både til festivalområdet og inngangen til campen. Det er viktig å vere litt høgare enn dei andre om det skulle byrje å regne, for då får vi drenert vatnet, seier Kvamme.

Dei to har allereie låge i kø i over sju timar då NRK vitjar dei. I løpet av natta har dei sove, men også arrangert sekkeløp for å få timane til å gå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Festivalcamperar Malakoff

I SOVEPOSEN: Erik Midtbø Kvammen og Bendik Liseth har brukt natta i soveposen. Både til soving og sekkeløp.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Treng tre ting

Kvamme fortel at det er primært tre ting ein treng for å kose seg på festival, men tar også ansvar for tryggleiken.

– Det er telt eller lavvo, pengar og mobil. Mor prakka på meg å ta med fyrstehjelpsutstyr. Eg hadde det ikkje med til Afrika, men på festival kan det vere greitt å ha, seier han.

Dei to camparane har god tru på at det blir ei fin rockehelg på festivalområdet.

– Vi ser fram til livet og alle konsertane. Vi har ståltru på arrangørane, dei er gode på logistikk og booking, seier Kvamme og Liseth.

Er du på festival eller gjer andre kjekke ting i sommar? Del bileta dine med oss.

God køkultur

Magni Flyum

GLAD FOR Å VERE I GONG: Sjef for festivalcampen Magni Flyum, syns det er kjekt å sjå at folk kjem til festivalområdet.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Festivalcampen ligg rett ved sida av sjølve festivalområdet i eit stort grøntområdet på Nordfjordeid.

Sjef for festivalcampen, Magni Flyum, hevdar at køkulturen er god og er svært glad for at ein no er i gong på festivalområdet.

– Folk er i godt humør og kosar seg. Det fyrste som skjedde då eg kom i dag tidleg var at folk i køen spurte kvar dei skulle gjere av søppelet sitt, så det lova godt, fortel ho.

Festivalleiinga samarbeida med brannvesen og har leigd inn eit vaktselskap for å i vareta tryggleiken, samt at festivalen har sine eigne frivillige ordensvakter.

– Det viktigaste er at vi får plassar telta godt. I tillegg har vi reglar som seier at eld og glasflasker er forbode på campområdet, seier Flyum.

Sjå NRK SommarLutt direkte frå Malakoff her

Kø Malakoff

KØEN: Folk brukar tida på å prate med gamle kjente i solskinet.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK