Hopp til innhold

Har starta undersøkingar av branntomta

Politiet meiner bustadbrannen i Svelgen har starta i hovudetasjen. Tysdag starta politiet dei første undersøkingane av branntomta.

Brann svelgen

HOVUDETASJEN BLIR UNDERSØKT FØRST: Politiet trur brannen kan ha starta i hovudetasjen og startar undersøkingane der, opplyser politiet.

Foto: Emilie Leirvik

Fire personar miste alt dei eigde då eit hus i Svelgen vart totalskadd i brann før helga . Tysdag starta arbeidet med å finne årsaka til brannen.

– Vi er berre så smått i gang. Ut frå vitneforklaringar så meiner vi at brannen har starta i hovudetasjen og startar arbeidet ut frå det, seier Hans Rune Strandos, som er lensmann i Bremanger.

Politiet meiner og å vite kvar i hovudetasjen brannen har starta , men det ynskjer han ikkje å gå nærare inn på no. Han ynskjer heller ikkje å seie noko no om kva huseigaren har forklart om brannen. Strandos reknar med at dei kjem til å bruke både onsdagen og torsdagen før dei kan avslutte arbeidet i branntomta.

– Det er mykje som skal undersøkast, og i etterkant kan det og vere snakk om å eventuelt sende inn til dømes elektriske komponentar til undersøking.

– Med tanke på kor utbrent huset er innvending, kor lett blir det å skulle finne ei brannårsak?

– Det blir vanskeleg, men ein har lukkast i tidlegare saker å kome ganske nært ei årsak, og det håpar eg vi skal klare no også, seier Strandos.