Hopp til innhold

140 frivillige leitar etter sakna Veronica (22)

Store styrkar er no i full gang med å søkje etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) i Sogndal. – Det blir søkt i store områder i og rundt Årøy, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

Nær 150 frivilleg deltek laurdag i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet ved Årøy i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Nær 150 personar deltek i søket etter den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Kvinna har vore sakna i to veker, og fredag vart det klart at Kripos også blir kopla inn i forsvinningsmysteriet.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart sist sett i heimen sin laurdag for to veker sidan.

Foto: Privat

Søket endra førre helg status til søk etter ein omkomen person. I 10-tida laurdag var store styrkar i full gang med eit storsøk etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.

– Vi har per no 90 hjelpekorpsarar frå heile fylket og 43 frivillige fordelt på 16 søkjeteigar. I tillegg har vi fem personar i KO, seier Geir Ove Optun hos Røde Kors.

Søkjer på land og i fjorden

Politiet står utan spor etter den sakna kvinna. Ein har søkt langs elva, Barsnesfjorden og i terrenget i Årøy, utan å få noko nærare svar på kva som har skjedd med 22-åringen.

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

KO: Søket vert organisert frå KO ved Årøy.

Foto: Christian Blom

I bustaden hennar fann politiet hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar. Politiet har teke utgangspunkt i kvinna sitt nærområde i søket sitt.

– Leitemannskapa er delt opp i ulike lag, med kvar sine søketeigar i området rundt Årøy, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna i to veker. Laurdag deltek 140 personar i søket etter 22-åringen.

SJÅ VIDEO: Geir Ove Optun blir intervjua av NRK sin fotograf på staden, Christian Blom.

Tung og krevjande terreng

Det blir søkt i terrenget på begge sider av Årøyelva og Barsnesfjorden. Det blir også søkt i og ved Årøyelva, samt gjennomført overflatesøk med båt på fjorden.

– Når søket er gjennomført, så er området klargjort, seier Optun hos Røde Kors.

Søkjer i elva etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

I GANG: Det varsla storsøket etter sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet er i gang i Sogndal.

Foto: Christian Blom

I terrenget går leitemannskap manngard. Regionlensmann Asle Karoliussen har tidlegar fortalt at det er kulpar i elva som ein tidlegare ikkje har fått søkt igjennom grunna høg vasstand.

– Terrenget er veldig bratt og ulendt, og i elva er det glatte svaberg. Vi har eigne grupper som tek seg av dei mest krevjande områda. Men det er uansett eit tungt terreng å søke igjennom, seier Harberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

STORE STYRKAR: 90 personar frå Røde Kors, og over 40 frivillige, deltek i søket etter sakna Veronica (22) Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Christian Blom

Held på så lenge det er lyst

– Planen er å søkje i dag, og å halde på så lenge det er dagslys. Om vi ikkje får gjennomført områda vi ynskjer, så må vi gjere ei ny vurdering av kva som skjer vidare, seier Harberg.

– Søkjer de i område de også tidlegare har søkt?

– Det er både nye område, og område som også tidlegare har vore gjennomgått tidlegare. Men no har vi fleire folk ute samstundes. Det gir oss høve til grundigare søk, og søk i større område enn tidlegare.

Politiet oppmodar dei som kan ha tips eller informasjon i saka, om å ta kontakt på telefon 57 75 88 00.

Her har dei søkt etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.

HAR SØKT: Politi og Røde Kors har i to veker søkt etter den sakna i Årøy.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK