NRK Meny
Normal

Det er over eitt år til valet – men her har den tidlegare polititoppen starta veljarjakta

Den tidlegare leiaren i Politiets Fellesforbund vil bli ordførar i heimkommunen. I helga starta Arne Johannessen det som må seiast å vere ein rekordlang valkamp.

Veljar Vegard Fodnes i samtale med Ap sin ordførarkandidat i Luster, Arne Johannessen

VELJARJAKT: Ap sin ordførarkandidat i Luster, Arne Johannessen, er her i ivrig prat med veljar Vegard Fodnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For det er nesten halvanna år til kommunestyrevalet hausten 2015. Uansett, i Luster i Sogn er valkampen allereie starta.

Denne helga starta nemleg tidlegare leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, veljarjakta for å bli den neste ordføraren.

Ei uvanleg tidleg valkampopning, som kan slå begge vegar, ifølgje ekspertane.

Vil ha dei lokale problema «under huda» igjen

Når NRK møter Johannessen står han utanfor den lokale matbutikken og snakkar med ein ung veljar. Eit ikkje heilt vanleg syn eitt år og tre månader før eit val. Men at det er lenge til valet hindrar ikkje Arne Johannessen.

– Så du har lyst til å få deg ein gard, spør han ungdomen.

Etter 12 år i Oslo som leiar i Politiets Fellesforbund vil han no bli Arbeidarparti-ordførar i Luster.

– Det er ikkje slik at eg har vore vekke frå Luster, eg har budd her heile tida medan eg pendla.

– Men det er heilt rett at eg ikkje har vore ein del av dei daglege problemstillingane i Luster-politikken, og difor er det viktig å få dei inn under huda igjen, forklarar Johannessen om sitt tydelege og tidlege engasjement.

I februar vart han vald som ny leiar i Luster Arbeidarparti, og gjorde dermed comeback i politikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arne Johannessen

TILBAKE: I februar vart Johannessen vald til ny leiar i Luster Arbeidarparti, det nest største lokallaget i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vil vite kva lustringane er opptekne av

I helga var det tid for den årlege Lustramarknaden, og her sette den profilerte fagforeiningsmannen opp ei godt synleg forslagskasse.

Den håpar han at folk skal fylle med innspel til korleis Luster Ap sin politikk skal bli dei neste fire åra. Den heimvende ordførarkandidaten vil gjerne vite kva lustringane er opptekne av.

– Først og fremst er dette for å lage eit best mogleg valprogram som innbyggjarane i Luster kjenner seg att i, slik at dei får eigarskap til valprogrammet.

– Så er det også slik at politikarane er talspersonar for folk, og då må vi vite kva dei er opptekne av, seier Johannessen.

Forskar: – Veldig uvanleg

Johannes Bergh

IKKJE SIKKER: Johannes Bergh seier det er ein viss fare for at veljarane kan gå leie når valkampen startar så tidleg.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

– Dette må vere veldig uvanleg. Eg kjenner ikkje til andre eksempel på at valkampen har starta så tidleg, seier Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

Han forskar på lokaldemokratiet i Norge, og seier den tidlege starten på valkampen i Luster er spesiell.

– Det vanlege er å starte valkampen i august valåret, altså om godt over eitt år, seier han.

Slagplanen til den profilerte ordførarkandidaten rommar også tre folkemøte til hausten. Ein slik offensiv valkamp treng ikkje resultere i ordførarmakt, seier Bergh.

– Eg er ikkje sikker på det. Fordelen er at han får høve til å bli kjent med veljarane, men det er også ein risiko for at veljarane kan gå lei, og at det rett og slett blir for mykje, seier forskaren.

(Artikkelen held fram under)

Frank Aarebrot

KAN SLÅ BEGGE VEGAR: Frank Aarebrot seier ein så tidleg valkampstart kan ha positiv effekt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Treng å bli kjent med kommunen igjen

Luster er ein sterk Ap-bastion, og berre lokalpartiet i Årdal er større i Sogn og Fjordane. Dei siste elleve åra er det likevel Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet som har hatt ordføraren.

Det å kome i dialog med innbyggjarane er fornuftig, for å få bygd ned det som er Arne Johannessen sin største svakheit, seier professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot.

– Nettopp fordi han har vore i Oslo i nokre år, så har han nok kanskje behov for å gjere seg kjent med forskjellige delar av kommunen.

– I ein kommune som Luster er ofte geografi viktigare enn ideologi. Det å vite kva ønskjer dei ulike grendene innanfor kommunen har, det er nok ganske viktig for Johannessen, seier Aarebrot.

Det same skjedde med Herman Friele

Den erfarne statsvitaren kjem berre på eit anna døme der eit lokalparti har blitt freista til å køyre fram ordførarkandidaten så tidleg. Også den gong var det snakk om ein kjendis.

– Det skjedde med Herman Friele i Bergen, då han sa seg villig til å vere ordførarkandidat for Høgre. Høgre lansert då hans namn veldig tidleg.

– Kva effekt hadde det?

– Høgre gjorde eit godt val i Bergen den gong, så eg går ut frå at Luster Ap håpar på det same når det gjeld Arne Johannessen, seier Aarebrot.

Let seg ikkje overtyde så lett

Men 19 år gamle Vegard Fodnes let seg ikkje overtyde av ein kort prat med Ap sin ordførarkandidat i Luster.

– I og med at han er kjend frå mellom anna TV, så kan han ha ein liten fordel, men eg har framleis trua på Senterpartiet, seier den unge elektrikarlærlingen.

Bodskapen hans er klar, det må leggjast til rette for ungdomen og landbruket må styrkast. Dette er signal Arne Johannessen lovar å ta med seg vidare.

– Dette er to kjempeviktige saker for Luster, seier Ap-politikaren.

Fodnes er uansett urokkeleg.

– Greier han å overtyde deg?

– Når ikkje ho eg er saman med klarar det, trur eg ikkje han klarar det heller. Men de får ha lukke til med valet, seier Fodnes og nikkar til den tidlegare polititoppen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.