Hopp til innhold

Tek utfordringa i eigne hender

Vågsøy er ein kommunane som har teke tak i problemet med at altfor få vel helsefag. I samarbeid med KS har dei oppretta eit eige kompetansesenter som skal utdanne fleire helsefagarbeidarar.

Margethe Meier og Anne Færestrand

UTVIKLAR KOMPETANSE: Margrethe Meier og Anne Færestrand er to av dei som jobbar for å utdanne fleire helsefagarbeidarar ved Kulatoppen omsorgssenter i Måløy.

Foto: Birger Meland / NRK

Nær 30 prosent av dei som jobbar innan helse- og omsorg i kommunane i Sogn og Fjordane, har ikkje utdanning til det. Dette er noko som uroar fleire, blant anna fylkessjukepleiar Anne Eli Vangen og leiar i KS, interesseorganisasjonen til kommunane, Jenny Følling.

Også i Vågsøy kommune har dette vore eit tydeleg problem. Ifølgje kommunalsjef Jeanette Jensen, har kommunen mange ufaglærde i pleie- og omsorgsyrka.

– Og i tillegg til at vi treng å auke kompetansen, så har vi også ganske mange hjelpepleiarar som vi treng å erstatte dei neste åra. Vi rekna litt på det og såg at vi faktisk har 45 personar som er 58 år eller over i kommunen vår. Det er mange, seier Jensen.

Starta kompetansesenter

No har kommunen teke tak i problemet, og i samarbeid med KS har dei oppretta eit kompetansesenter som skal utdanne fleire til helsefagarbeidarar.

Det er det nasjonale kompetansesenteret for aldring og helse i regi av KS som starta opp utdanninga «Bli helsefagarbeidar». I januar i år bestemte Vågsøy kommune seg for å starte opp eit eige kompetansesenter ved Kulatoppen omsorgssenter i Måløy, i samarbeid med KS.

– Det går på at ufaglærde som jobbar i helsesektoren får eit tilbod om å bli helsefagarbeidar. Utdanninga har fire regionale vekesamlingar i løpet av halvanna år. Der er det førelesing over nett, sjølvstudium og rettleiing, fortel Anne Færestrand, konsulent for eit fagteamet ved kompetanseutviklinga ved Kulatoppen omsorgssenter.

30 deltakarar

30 ufaglærde deltek i utdanninga som tek til i byrjinga av mars. 27 av dei er frå Vågsøy og dei tre andre frå Stryn, Naustdal og Bremanger.

Tenesteleiar i kommunen og ein av dei ansvarlege for kompetanseutdanninga, Margrethe Meier, fortel at det heile har gått veldig fort.

– Vi bestemte oss for å bli med på dette i januar, og første kurs var allereie i byrjinga av mars. Så no har vi hatt ei veke med kurs for dei 30 deltakarane, og no har dei ein periode med sjølvstudium, seier ho.

Dei fleste av deltakarane har tidlegare jobba innan helse- og omsorg, og Færestrand fortel at praksisen dei har hatt vil telje i utdanninga.

– All relevant praksis tel, og dei får no ei kompetansevurdering. Så når dei er ferdig med teorien vil opplæringskontoret ta ei praksisvurdering igjen og sjå kor mykje praksis dei har behov for etter teorien, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunalsjef i Vågsøy, Jeanette Jensen

POSITIV: Kommunalsjef i Vågsøy, Jeanette Jensen, er glad for at kompetanseutviklinga er sett i gang.

Foto: Birger Meland / NRK

Får praksis i kommunen

Utdanninga vert avslutta med ei fagprøve, og når deltakarane er ferdig med praksis og teori vil dei få eit fagbrev. Hovudfokuset for kompetansesenteret er at dei først og fremst kan fullføre praksisen.

– Alle som deltek har ei stilling i kommunen, der nokre jobbar med teneste og andre på sjukeheimen. Så vi har tenkt at dei etter kvart kan bytte stilling så dei får variert praksis, seier Meier.

Kommunalsjefen meiner det hastar å finne erstatning for dei som innan få år vil gå av med pensjon, og ho trur kompetansesenteret er eit viktig steg i riktig retning.

– Eg føler vi no har teke konsekvensane av problemet, og prøvd å sjå litt framover. Vi har sett at vi har vore nøydd til å gjere noko med dette sjølv for å klare å rekruttere. Eg er kjempeglad for at vi har fått til dette samarbeidet med KS og kompetansesenteret, seier Jensen.