Hopp til innhold

Har starta jakta på «godkjensla»

Roger Aa Djupvik fekk langt frå klaff i sesongopninga på 15 kilometer klassisk. No startar han jakta på den gode kjensla på dei lange distansane.

Roger Aa Djupvik før start på Beitostølen

TRENAR TUNGT: Roger Aa Djupvik held fram med å trene mykje mengde. Først i januar skal han vere i topp slag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det gjekk vel omtrent som frykta. Eg har ikkje vore i støtet i det siste - og det merka eg i dag, seier Aa Djupvik.

Søndagens 15-kilometer klassisk enda med siger til Chris André Jespersen framfor Pål Golberg og Martin Johnsrud Sundby.

Aa Djupvik enda nede på 23. plass, nesten to minutt bak teten. Det er uvanleg svakt til glopparen å vere, men så satsar han heller ikkje lenger på dei «korte» distansane.

– Det er ikkje no eg skal slå til. Eg er tung i kroppen etter mykje trening no, og eg skal halde fram med å trene mot januar, seier Aa Djupvik.

Sesongen startar for alvor på nyåret

På nyåret er det nemleg sesongstart for dei som verkeleg likar å slite, og Aa Djupvik satsar denne sesongen på langløp. Sist sesong gjorde han eitt av karrierens beste løp, då han tok andreplassen på Birken.

– For meg er det eit par månader igjen til det verkeleg gjeld. I januar skal eg gå Jizerská padesátka i Tsjekkia, og så ventar Marcialonga og König Ludwig Lauf, seier han.

Sjølv meiner han fjorårets prestasjon i Birkebeinerrennet er mellom det beste han har gjort - i tillegg til sjuandeplassen i verdscupen i Cogne i 2006.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Aa Djupvik på 15 km klassisk

FINT DRIV: Roger Aa Djupvik på veg opp den siste bakken inn mot stadion på Beitostølen. Han enda på 23. plass.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur på gode resultat i langløpscup

Og det er nettopp kjensla av å få fullklaff, der kroppen verkeleg spelar på lag, som er drivkrafta. Håpet er å få til fleire slike opplevingar maraton-cupen denne sesongen.

– Klart eg håpar på gode resultat, men kjensla av at alt fungerer er veldig god. Det er den eg strebar etter å oppnå, seier 31-åringen.

Han legg til:

– Hittil i år har eg også hatt ei god kjensle. Eg har fått trent bra. Eg trur dette kan bli bra, berre eg slepp sjukdomsavbrekk, seier Aa Djupvik.

LES OGSÅ: Djupvik med femteplass i NM