Hopp til innhold

-Eg trur dette vil gi juleglede både store og små!

Aina Gamborg har starta ein gåveinnsamling for å gje flyktningar og andre vanskelegstilte ekstra juleglede. No håpar ho folk stiller opp.

Aina Gamborg

GÅVEAKSJONIST: Ho ønskjer at dei som ikkje har det så godt, gjerne langt heimanfrå, skal få ei ekstra juleglede.

Foto: Privat

– Eg høyrde på radioen at nokon andre hadde gjort noko liknande. Så då tenkte eg at viss ho kan, så kan jammen eg og, seier Aina Gamborg på Vassenden i Jølster.

Ho har stara aksjonen "Gled andre med ei gåve 2015" på Facebook der ho inviterer andre til å gje ei gåve til dei som treng det. Målet er å gje gåver til busette flyktningar, bebuarar på asylmottaka og andre vanskelegstilte.

Julegåveaksjon

PAKKE INN: For at aksjonen skal fungere bør gåvene vere innpakka og merka med kven gåva kan passe for.

Foto: Skjermdump

To asylmottak i Jølster

– Det er særleg folk på dei to asylmottaka i kommunen eg har hatt i tankane. Men det kan også vere at det er andre familiar som har ei utfordring med å lage til den jula dei ønskjer, seier Gamborg.

Julegåveaksjonen Gamborg starta ho impulsivt i førre veke – i samarbeid med mottaka, NAV og barnevernet i Jølster kommune.

– Det skjedde veldig fort. Torsdag i førre veke tok eg nokre telefonar til dei involverte, og fredag la eg det ut på Facebook.

Positive jølstringar

Responsen frå jølstringane har vore overveldande, og positiv.

Aina Gamborg

PAKKAR: -Eg har berre fått positiv respons, seier Aina Gamborg etter at ho i førre veke starta gåveaksjonen.

Foto: Privat

– Det har vore ein kjemperespons! Eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Eg ser at aksjonen blir delt mykje og har fått masse positive kommentarar frå folk. Så det synest eg er veldig kjekt.

I Jølster er det to asylmottak. På Skei bur det rundt 60 einslege ungdommar som skal lage ei felles julefeiring for fyrste gong langt vekk frå familie og venner, og som har behov for ulike ting.

– Gje det folk treng

– Eg har tenkt at folk må tenke litt sjølv kva dei vil gje folk som ikkje har så mykje. Borna har alltid behov for varme og gode klede, men dei vil også ha det klassekameratane får, som lego eller leikar. Nyfødde treng varme klede og anna utstyr. Nyetablerte treng også mykje ulikt, også møblar.

Det einaste aksjonen krev av dei som vil vere med, er at gåvene er pakka inn.

– Gåvene må helst vere pakka inn, og gjerne med ein liten lapp som seier kva alder gåva passar for og kjønn.

Eg trur dette vil glede veldig mange

Aina Gamborg

Julegåvene kan leverast på kommunehuset på Skei, Coop Vassenden eller Vassenden skule fram til 18. desember.

Får bilete av innpakka gåver

– Eg har alliert meg med nokre kjekke ungdommar som vil hjelpe meg med arbeidet med å sortere gåvene. Eg veit jo ikkje heilt kva eg har gjort, men eg trur det skal gå smertefritt og utan at det blir for mykje styr.

Så er det berre å håpe for Gamborg at jølstringane held det dei lovar.

– Eg har fått mange munnlege varsel frå folk om at dei vil vere med på aksjonen, og nokre har sendt bilete av gåvene som er pakka inn.