Sidan oppstarten har dei sprengt ut 390 meter med tunnel her inne

 

Kvar veke sprengjer Vegvesenet ut 60 meter med tunnel på vegen mellom Olden og Innvik. Etter planen skal det vere hol i begge endar på Agjeldtunnelen i månadsskiftet januar/februar.

Utbetringa av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik er etterlengta for svært mange. Det veit også prosjektleiar Jon Harald Huseklepp som kan melde at vegarbeidet dei no er i gang med er i rute.

– Framdrifta går veldig bra, seier han og seier dei etter planen skal ta til med det innvendige arbeidet i Agjeldtunnelen i februar 2012.

(Øvst i saka kan du sjå video frå vegarbeidet – FOTO: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Skal stå ferdig hausten 2014

Vegen mellom Olden og Innvik har tidlegare blitt kåra til Norges verste vegstrekning og mange har opp gjennom åra irritert seg kraftig på den smale og kronglete vegen langs Nordfjorden.

Dei siste åra har bit for bit av vegen blitt utbetra og no er det strekninga mellom Agjeld og Ugla som står for tur.

Når denne vegstubben står klar hausten 2014 vil det stå att vel fem kilometer med veg før heile strekninga er utbetra, ifølgje Vegvesenet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Harald Huseklepp

I RUTE: Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen trur det er mange som gler seg over at vegarbeidet på fylkesveg 60 er i rute.

Foto: Statens vegvesen/Ole Kristian Åset

Mykje trøbbel

Spesielt om sommaren har det vore mykje trøbbel på fylkesvegen mellom Olden og Innvik. Dei som køyrer der til dagen har blitt vande med kø og problem, men alle gler seg nok til at dette skal bli betre.

– Både dei med trailer, bubil og campingvogn ser nok fram til at vi får breiare veg her, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

– Det er til dels kaotisk her sommarstid, når personbilar møter lastebilar og bubilar og det blir full stogg i trafikken.

Ein av dei som fekk oppleve at den smale vegen kan by på problem var lastebilsjåføren frå Trøndelag som i sommar møtte en bubilsjåfør på eit smalt parti. Ingen av dei to ville rygge, og det enda med at dei stod eit kvarter og såg på kvarandre.

Jobbar døgnet rundt

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Vegvesenet fortel at det blir jobba døgnet rundt med vegarbeidet mellom Agjeld og Ugla. Arbeidet er utfordrande og ein geolog er ofte på besøk for å sikre at ting går som det skal.

– Vegen går i eit utfordrande terreng som er utsett for steinsprang. Difor har fjellreinsk og bolting vore avgjerande for å få trygg veg på strekninga. Vi har fast geolog på prosjektet, som er her ein til to dagar i veka.

– Ved austenden av tunnelen har vi gjort mykje manuell bolting. Det arbeidet går føre seg for fullt inn mot ei ny fjellskjering som vi skal gjere klar til Vangbergtunnelen. Den kjem i neste utbyggingstrinn, seier Huseklepp.

Sikrar rasveg samtidig

Like aust for anleggsområdet er Vegvesenet også i gang med sikringsarbeid i eit område der det fleire gonger har rasa steinar ned i vegen. Dette skjer i området ved Knarrura.

Rundt 50 skuleborn blir kvar dag køyrd i buss forbi staden og etter fleire ras har foreldra kravd at noko blir gjort.

Arbeid med Agjeldtunnelen på fylkesveg 60

390 METER: Sidan arbeidet starta tidlegare i haust har ein no sprengt seg 390 meter inn i fjellet her ved Agjeldtunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Foto: Statens vegvesen/Ole Kristian Åset