Hopp til innhold

Har spelt fleire år med smerter - no må landslagsprofilen leggja opp

FØRDE (NRK): Ryggproblem har lenge prega kvardagen til Mathias Loftesnes. No har han ikkje lengre noko val: karrieren stoppar etter sesongen.

RYGGPROBLEM: Mathias Loftesnes førebur kroppen til trening.

– Det har vore ein lang prosess, og eg har omsider bestemt meg for at nok er nok, seier Mathias Loftesnes.

Den 29 år gamle volleyballspelaren har bestemt seg for å leggja opp. Han skal fullføra sesongen for Førde, men så er det stopp.

– Eg må ta vare på helsa. Eg har slite ein lang periode med ryggen som har gjort at eg må tenkja litt på framtida, fortel han.

Øydelagd rygg

Loftesnes har spelt ei årrekke på Førde, han er på landslaget og har spelt i utlandet for fleire klubbar. Loftesnes har slite lenge med ryggen og opererte i fjor. Etter operasjonen blei han betre, men ryggen makta likevel ikkje like mykje som før.

– Eg fekk ein kink i ryggen på trening førre veke. Eg stod klar i mottak, inga rørsle, men eg pusta ut og så knakk det. No har eg ikkje trena på fire dagar, og er framleis ikkje heilt bra, men eg håpar å vera klar til helga.

Loftesnes fortel at han byrja å tenkja på å leggja opp allereie då sesongen starta, og ryggen framleis ikkje var bra.

–Eg har gått mykje fram og tilbake. Volleyball har vore ein del av livet mitt sidan eg var 16- år gamal, og eg har brukt utruleg mange timar på å koma meg her eg er i dag. Det er ikkje ei enkel avgjersle, men eg trur heller ikkje eg kjem ikkje til å angra på det.

Les også: Historisk europa-bragd: – Heilt vanvitig

Branislav Duric

NØGD TRENAR: Branislav Duric er nøgd med innsatsen til Loftesnes.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Han vil bli sakna

Branislav Duric er hovudtrenar for elitelaget til Førde. Han er nøgd med innsatsen til Loftesnes.

– Loftesnes er ein leiar på bana og spelarane treng ein slik person som han. Å ha ein elitespelar som han spelande for Førde, styrkar laget. Han vil bli sakna, seier trenaren.

Mathias Loftesnes i angrep for Norge mot Ungarn

EM-kvalifiseringskamp mellom Noreg og Ungarn.

Foto: Rune Fossum / NRK

Loftesnes har mange gullaugneblinkar han kan vera stolt over i løpet av karrieren. Likevel hugsar han særleg godt tida då han fekk eit tilbod i utlandet.

– Eg er stolt over at eg blei proff. Eg hugsar eg var 19 år og på prøvespel i Estland, og draumen min var og bli proff. No hadde eg moglegheita, tenkte eg. Eg fekk vist det eg kunne og fekk tilbod om kontrakt.

Mathias Loftesnes

KLAR FOR EIT NYTT TILVÆRE: Mathias Loftesnes legg opp etter enda sesong.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Klar for eit nytt tilvære

– Dette er siste året mitt på høgskulen. No er eg ferdig utdanna og er eigentleg klar for å starta eit nytt kapittel med jobb.

Sjølv om volleyballspelaren er sikker på at han gjer det rette valet, klarer han ikkje å leggja volleyball heilt på hylla.

Eg skal bli volleyballtrenar, det er berre eit tidsspørsmål om kva tid. Det er utruleg givande å trena yngre og sjå at dei får oppleva kjensla av meistring, seier han.