Hopp til innhold

Har snudd underskot til overskot

Fretheim hotell og andre mindre reiselivsverksemder i Flåm har i fleire år gått med underskot. I 2015 har dei snudd trenden.

God utvikling

BRA ÅR: 2015 ser ut til å bli eit bra år, seier Solrun Hjelleflat som er dagleg leiar i Flåm AS.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

At all reiselivsaktivitet i fjor vart samla i selskapet Flåm AS, i tillegg til at det er opna nytt kundesenter og webportal, er viktige grunnar til den positive snuoperasjonen. Det seier Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i Flåm AS.

– Det har vore knallhard jobbing, både med å få på plass den nye marknaden, kostnadseffektive system, og godt personale som vil jobbe heile året.

Snuoperasjon etter millionunderskot

Medan Flåmsbana har gått med store overskot i årevis, har det vore stikk motsett for fleire mindre reiselivsverksemder i bygda. Sidan 2008 har det samla underskotet vore på 40 millionar kroner for dei mindre verksemdene, men no er det slutt på dei raude tala.

– 2015 ser ut til å bli eit veldig bra år, seier Hjelleflat.

Øyvind Wigand

AUKE: Fretheim hotell er blant bedriftene i Flåm som har gjort det bra i 2015, seier hotelldirektør Øyvind Wigand.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Langt fleire gjestar kombinert med kostnadskutt, er årsaka til at Fretheim Hotell no går med overskot.

– Hovudgrunnen er auka tilstrøyming utanfor hovudsesongen, og auka belegg for hotellet sin del, seier hotelldirektør Øyvind Wigand.

Dei ser i år ein stor vekst i den asiatiske marknaden, med turistar frå mellom anna Kina, Japan og Taiwan.

Trur på meir vekst

I tillegg til Fretheim hotell, går også Aurland skofabrikk og Flåmsbanemuseet no i pluss. Også rundturane på fjorden har vorte meir lønsame, og aldri før har så mange reist med Flåmsbana.

Hjelleflat har stor tru på ytterlegare vekst.

–Ja, heilt klart. Våren og hausten er dei vakraste sesongane på Vestlandet, og det å få byggje det i tillegg til vinter er ei satsing vi gjer no.

Positiv til turisme utanfor sommaren

Anders Fretheim

VIL HA LANDBASERT: Anders Fretheim er negativ til auka cruisetrafikk, men han meiner ei auke i den landbaserte turismen utanfor hovudsesongen er positivt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men ikkje alle er like positive til veksten. Fleire turistar i Flåm på sommarstid vil øydeleggje det gode reiselivsproduktet som er der i dag, meiner Anders Fretheim som er gardbrukar og hytteutleigar i Flåm.

Medan Flåm AS ønskjer ei auke i turismen, og at dei nye turistane skal kome utanfor toppsesongen, fryktar Fretheim at den største veksten vil kome på sommaren og at det vil bli kaos i Flåm.

– Vi har høyrt om spreiinga av sesongen lenge no, men det har ikkje skjedd. Veksten skjer, slik eg ser det, i juli og august. Vi treng ikkje vekst i cruiseturismen, der treng vi ein reduksjon, men hadde vi fått litt auke i den landbaserte turismen om våren og hausten så hadde det vore ypparleg, seier Fretheim.