NRK Meny
Normal

Måndag tangerer Tommy Skjerven norgesrekorden

For fotballdommaren er ikkje talet så viktig. Men med 318 kampar skriv han historie.

Odd-Stabæk

KVALITET I KVART STEG: Tommy Skjerven har tru på at han skal ta noregsrekorden i dømde kampar lenger enn 318, for han har ikkje tenkt å gje seg med å dømme kampar.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Eg håpar talet aukar med ein del kampar framover. Det er framleis mogeleg å få talet enno større, smiler ein kledeleg beskjeden Tommy Skjerven.

Dommar Tommy Skjerven (48) kan måndag skrive historie med sine 318 kampar i tippeligaen. Då tangerer han rekorden til dommarlegenden Roy Helge Olsen, når han dømmer kampen mellom Haugesund og Stabæk.

Har vore i tippeligaen sidan 1996

– Som eg alltid har sagt, det er berre eit tal. Men når eg har la lagt ned så mykje tid og fått så mykje tillit i så mange år, og er så nær å nå eit slikt tal, så er det jo kjekt.

Skjerven starta karrieren som dommar på 90-talet. Sidan 1996 har han vore fast i eliteserien.

– Frå starten har eg alltid følt eg har hatt tillit i NFF og dei som jobbar med dommarbiten. Så har eg stadig fått nye utfordringar gjennom cupfinalar for juniorar, så fjerdedommar, internasjonalt og cupfinalar. Alfa og omega i yrket er å levere, men samtidig å vere i fysisk god nok form.

– Og du er jo kjend for å vere i god form?

– Ja men eg føler at eg nok kunne vore i enno betre form. Men eg føler eg heng godt med. Og det er jo ein enkel ting å gjere noko med. Eg meiner at dersom ein ikkje har den fysiske forma intakt så manglar ein noko grunnleggande som fotballdommar.

Start-spiller Avni Pepa

TRØBBEL: Dommar Tommy Skjerven har vore i hardt vêr. Her frå Kristiansand 2010 der Start-spelarane Avni Pepa og Espen Børufsen mildt sagt ikkje var fornøgde med hovuddommaren.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Har markert seg både nasjonalt og internasjonalt

Når han ser tilbake på alle kampane han har dømt så har det vore prega av både oppturar og nedturar.

– Å dømme cupfinalen det er det gjævaste du kan gjere i Norge. Så er eg så heldig å ha vore med på Champions League som fjerdedommar og måldommar i store kampar ute, så det er gode minner.

Noko som ikkje har vore fullt så hyggeleg er kampane der det har storma rundt han.

– Eg har jo bomma på straffespark eller gitt kort som ikkje skulle vore gitt, og ein offside som ikkje skulle vore tatt. Men eg trur at utan dei små nedturane og litt storm, så vil ein ikkje nå til topps. Ein må kjenne at det skal litt til for å halde oppe eit godt nivå.

Vil ikkje stoppe

Regelverket seier at karrieren tar slutt når han blir 50. Men Skjerven har tru på at han vil kunne strekke aldersgrensa.

– Det blir ei evaluering til hausten. Men det er klart at eg ikkje kjem til å bli kasta på grunn av alder. Så så lenge eg held kvalitet og er i god fysisk form, så er det opp til meg å gi meg. Eg har tenkt å halde fram å dømme lokalt uansett.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser