Hopp til innhold

Har sløkt brann i Øvre Årdal

Brannvesenet har sløkt brannen i ein garasje i Øvre Årdal. Det byrja å brenne i ein bil, og det var også branntilløp i sjølve garasjen. Naboar fekk varsla naudetatane, og dei brukte og eit pulverapparat for å prøve å sløkkje brannen. – Men det var først då brannvesenet kom fram at dei fekk sløkt alt, seier Oddbjørn Aune ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.