NRK Meny
Normal

Har slite seg gjennom seks dårlege år - men no trur fiskerigiganten på betre tider

Nedturen byrja med finanskrisa i 2008. Seks år seinare ser Stig Tore Ervik lys i enden av tunnelen.

Stig Ervik

HÅPAR PÅ BETRE TIDER: Stig Tore Ervik og Ervik Havfiske har lønnleg håp om betre tider.

Foto: Einar Lindbæk, Fiskaren

– Det går rette vegen. Det gjeld generelt for kvitfiskbransjen, der prisane har gått opp, seier Stig Tore Ervik.

Saman med Kjell-Magne Ervik stifta han Ervik Havfiske A/S i 1987. No er den Selje-baserte verksemda det største fiskeriselskapet i Norge innan autolinebåtar.

Stig Tore Ervik er styreleiar for Ervik Havfiske Holding, og han sit også i styret for Ervik Havfiske.

Ifølgje likninga for 2013 hadde han i fjor ei inntekt på nesten 10,5 millionar. Han står bokført med ein formue på 20,5 millionar. Selje kommune fekk i fjor over tre millionar kroner i skatt frå gründeren. Kompanjong Kjell-Magne Ervik enda med ei inntekt på 10,2 millionar.

– Vi tok ut utbytte frå holdingsselskapet i fjor. Men det speglar ikkje akkurat resultatet for 2013, seier Stig Tore Ervik.

– Ja, det har vore tøffe år

Totalt har Ervik om lag 350 tilsette i selskapa sine. Av desse er rundt 100 tilsette i Selje. Ervik meiner 2013 var eit OK år - etter mange magre år på rappen.

– Det var eit år der vi hadde greitt fiskeri, men prisane var generelt låge på kvitfisk. Då meiner eg torsk, lange og brosme, seier Ervik.

Han viser til at snittprisen på torsk har vore nede i 15 kroner kiloen i fleire år, mot tidlegare opp mot 30 kroner på det beste. Det heile starta med finanskrisa i 2008.

– Prisane har vore for låge til at vi kunne drive med overskot. Det har vore tøft, vedgår Ervik overfor NRK.no.

Trur ikkje 2014 blir veldig bra, men...

Rekneskapen til morselskapet Ervik Havfiske AS syner eit driftsresultat for 2013 på 32 millionar kroner i minus. Ifølgje dagleg leiar Geir Solvåg skuldast mykje av dette at dei tapte på å drive eit russisk fartøy saman med ein russisk partner.

Konsernet som sådan syner derimot noko betre tal. Etter at 2012 gjekk i pluss med over 43 millionar, enda fjoråret med 1,4 millionar i minus.

– Vi har hatt nokre tøffe år med svake fangstverdiar. No ser vi endringar, og det er byrja å gå opp att. Men eg trur heller ikkje 2014 blir spesielt bra, seier Solvåg.

Berga resultatet på fiske i Sørishavet

Konsernet omsette i 2013 for om lag 247 millionar kroner. Det er ein nedgang frå åra før, då tala var oppe i 272 millionar i 2012 og 311 millionar i 2011.

Også årsresultatet har svinga siste åra. Frå 13 millionar i minus i 2010, via nesten seks millionar i pluss i 2011, 24 millionar i overskot i 2012 - til 11 millionar i minus i fjor.

– Det har vore tøffe år. I tillegg til fiske i Barentshavet og EU-sona, har vi båtar som har fiska i Sørishavet - og som har gjort det bra. Det er det som har gjort at vi har hatt eit OK rekneskap også desse åra, seier Ervik.

– No går det rette vegen, og prisane har gått opp over 20 prosent. No får vi 22-23 kroner for torsken, hysa held seg på god pris og brosme kjem etter. Så 2014 ser OK ut, seier han.

...har håp om å kunne investere igjen

Det betyr at han også håpar å kunne investere pengar i bransjen igjen. Sidan 2001 er det berre bygt to nye autolinebåtar. Mellom anna investerte Ervik Havfiske i 2011 sjølv 175 millionar kroner i «Frøyanes», den største linebåten i verda.


– Før sa dei alltid at etter sju dårlege år kjem sju gode år. No har vi hatt seks dårlege år, og håpar at det iallfall kjem seks gode. Det treng næringa vår for at vi skal kunne fornye oss, seier Ervik.

Han legg til:

– Det har vore altfor dårleg fornying. Det har ikkje vore økonomi til det, så difor har det blitt slik. No håpar og trur eg det igjen kan bli rom for investeringar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå