Hopp til innhold

Sogning sliper Norge til medaljar

Som ein av sliparane for dei norske skiskyttarane, langrennsløparane og kombinertutøvarane, har ikkje Terje Fardal tal på kor mange meisterskapsmedaljar han har vore med å sikra Norge.

Terje Fardal

SLIPAR: Terje Fardal har over 20 års erfaring som slipar. Sidan 2010 har han vore del av det norske smørjeteamet som har bidrege sterkt til 60 VM-medaljar i skiskyting, langrenn og kombinert.

Foto: Simen Storrud / Aftenposten

Med ski slipt av sogningen Terje Fardal og hans kollegaer i det norske smørjeteamet, sanka landslagsløparane 28 medaljar berre på dei to siste verdsmeisterskapa i Nove Mesto og Val di Fiemme.

Fordelt på 16 i langrenn, 11 i skiskyting og ei i kombinert.

– Eg veit det er ein god del, sidan det vart mykje både i Nove Mesto og Val di Fiemme. Men noko oppteljing har eg ikkje gjort, seier han.

La lista høgt

– Så er vi jo to som sliper no, og skia blir smurt og testa, så tek løparane det beste paret. Så om det skiparet eg har slipt eller kollegaen min som har slipt, det veit ein ikkje alltid, held Fardal fram.

I 2010 tok han over ansvaret for slipinga av skia til landslaget etter fiaskoen under starten på OL i Vancouver i Canada. Då la han sjølv lista høgt ved å love dei norske løparane den beste kvaliteten på skia.

– Eg er ikkje redd for å mislukkast. Eg har lang erfaring og blir overraska om vi går på ein ny smell, sa han då. Sidan har medaljane hagla over dei norske løparane. Med unntak av i kombinert.

60 VM-medaljar

I alt er det blitt 60 medaljar i langrenns-VM og skiskytings VM frå 2011 til i år. Av desse er 31 av edlaste metall.

Medaljefangsten til Fardal sidan 2010

Meisterskap

Gull

Sølv

Bronse

Totalt

Totalt

31

13

16

60

VM Nordiske greiner 2011

8

4

6

18

VM Skiskyting 2011

4

1

3

8

VM Skiskyting 2012

4

1

1

6

VM Nordiske greiner 2013

7

5

5

17

VM Skiskyting 2013

8

2

1

11

Marit Bjørgen og Therese Johaug

MEDALJAR: Marit Bjørgen og Therese Johaug med medaljefangsten under VM i Val di Fiemme.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Dette motiverer når ein går lange dagar og veker med skipar etter skipar gjennom slipemaskina.

– Eg må vedgå at på slutten av sesongen, så får du nok. Når du har stått 10-12-14 timar dagleg i vekevis, då er det godt med ein roleg periode som byggmeister om sommaren. Men når du kjem til hausten, så gler du deg til å komme i gang att, seier han.

– Moro å lykkast

– Men då gjer det vel godt med norske medaljedryss i meisterskap?

– Ja, sjølvsagt. Det er som natt og dag. Hadde vi reist heim frå Val di Fiemme med lite medaljefangst, så hadde det vore seigare å reise til Sotsji og teste ski med tanke på OL neste år. Det lettar mykje på arbeidet å sjå at vi får noko att for jobben og slipen ein legg ned. Det er moro å sjå at det lukkast.

Erfaren slipar

Lukkast kan ein trygt seie at dei norske landslaga har gjort siste åra i langrennssporet. Både med og utan børse på ryggen. Og Fardal veit at dersom utøvarane slit med dårleg glid, så har han sin bit av skulda.

Stafettlaget

STAFETTGULL: Tord Asle Gjerdalen, Eldar Rønning, Sjur Røthe og Petter Northug tok gull i VM.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

På lik linje med at han har sin bit av suksessen. For slipinga er viktig, seier Fardal med over 20 års erfaring med sliping.

– Det å slipe ski er ikkje berre å kjøpe seg ei slipemaskin til ein million og byrje å slipe og tru at ein gjer det best. Det er eit handverk, og du må ha blikk for å vite kva du skal gjere. Det går mykje på erfaring, seier den tidlegare racingsjefen til skifabrikken Madshus.

– Ein vitskap

Når NRK snakkar med Fardal på telefon, er han allereie i Sotsji for å jakte på dei ultimate skia tilpassa neste års OL-løyper.

Det er andre gong denne vinteren at det norske smørjeteamet er OL-byen for å bu seg til OL. Og den fjerde gongen siste to vintrane.

– Sliping er ein vitskap. Vi har med oss vêrstasjonar og alle mogelege måleapparat, der vi måler snøtemperatur, lufttemperatur, luftfukt, snøfuktigheit og solinnstråling. Det er mykje data som blir samla inn og analysert når vi kjem heim, seier han.

Stadig utvikling

Når testslipar blir vraka, byrjar dei utviklinga av nye.

Tarjei Bø tok tre gullmedaljer

GULL: Tarjei Bø med sine tre gullmedaljar frå VM i Nove Mesto.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Samstundes har dei også med seg testslipane dei har tru på i den vidare jakta på dei ultimate meisterskapsskia til Northug, Bjørgen, brørne Bø og Hegle Svendsen.

– Vi har testa utruleg mange strukturar og slipar, så vi veit litt om kva type slip som kan gå på ulike føre. Til dømes, før VM i Oslo for to år sidan, testa vi over 100 ulike slip og struktur. Det har vi snart gjort i førebuingane til OL her også. No byrjar vi å få litt kontroll på korleis det er her, seier han.

– Mest spent

Fardal og teamet blir i OL-byen til måndag. Samstundes skal dei hjelpe dei norske skiskyttarane under den åttande runda av verdscupen.

– Korleis er før konkurransane, er de like spente som løparane?

– Eg er mest spent. Det er jo ikkje berre meg det står på. Eg har lagt strukturen, så må smørjarane gjere sin jobb og så skal løparane teste og bli samde med smørjarane om kva skipar dei skal velje, seier han.

– Små marginar

Av og til vurderer skiløparane feil konkurranseski.

– Men det viktigaste er at ein har skipar som passar til føre, så strukturen og så det som kjem oppå. Det er små marginar i dette sirkuset, seier Fardal.

– Kor viktig er jobben som sliparane gjer?

– Den er veldig viktig. Eg trur nok at ein av fordelane til norske smørje- og testteam er at det blir testa svært mykje. Det er ingen nasjonar som testar så mykje som oss, seier han.

Store endringar på kort tid

For medan Norge låg veldig langt framme på slipinga for nokre år sidan, har gapet til dei utanlandske konkurrentane minska kraftig.

Norge er tidleg ute for å sjekke forholda før store meisterskap, og testar ski så lenge det let seg gjere før konkurransar.

– Utlendingane har nok teke oss att på kvalitet, men så testar vi så inn i hampen mykje meir slik at vi ligg litt framfor likevel, seier han og fortel at dei norske teama testar ski så tett som inntil ein halvtime før konkurranse. For det er mykje som kan endre seg i løpet av ein time.

Enormt apparat

Også tyskarane og dei canadiske teama har oppsøkt den russiske OL-byen for å vere best mogeleg budde til den store meisterskapen neste vinter.

– Svenskane har nok eit tilnærma like stort apparat som oss, men så testar vi endå tettare opp mot konkurranse, og har endå fleire ski ute på test. Det er ingen som har så mange døgn, så mange testar og eit så stort testmannskap som Norge. Det er vel difor vi ligg eit lite knepp framfor dei andre, seier Fardal.

Før han avsluttar:

– Men det er klart, vi kan bomme vi også av og til.