Hopp til innhold

I denne bustaden blei ein mann drepen – no slår byen ring rundt dei råka familiane

FLORØ (NRK): Det har no gått ei veke sidan ein mann blei funnen drepen i heimen sin i Florø. I kystbyen forsøker no folk å hjelpe dei råka familiane som best dei kan.

Huset i Florø der ein mann blei drepen 2. april 2019

ÅSTADEN: Mannen som blei drepen budde i dette huset i Florø sentrum. Huset var for inntil to år sidan i privat eige, men blei seld til kommunen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Drapet på den 40 år gamle mannen tysdag 2. april har vore ei skakande oppleving for mange. Ein 22-åring og ein 40-åring er sikta for drapet. Tre Florø-familiar er råka av det som skjedde.

– Det som opptar folk er korleis dei kan hjelpe dei nærmaste. Alle dei involverte bur i Florø, dei har vakse opp i Florø. Så alle har ein eller annan kjennskap til eller kjenner nokon av dei, seier varaordførar Jan Henrik Nygård (V) til NRK.

Kommunen sin kriseberedskap blei tatt i bruk då drapet blei kjend. I ein by der nær alle kjenner alle, var det heilt naudsynt. Men minst like viktig er at folk i byen stiller opp og hjelper til og snakkar ope om det som har skjedd på ein god måte, meiner varaordføraren.

– Eg tenker at dette syner mange positive trekk med byen i ein så vanskeleg situasjon. Det er lite fordømming og snakk om alt som er gale. Det er meir fokus på kva vi kan gjere betre, og korleis vi kan hjelpe dei som er midt oppi dette her.

Jan Henrik Nygård er varaordførar i Flora

SJOKKERANDE: Varaordførar Jan Henrik Nygård (V) meiner at kommunen må gjere alt i si makt for å styrke det førebyggande arbeidet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ikkje råd til å la vere

Både den drepne mannen og dei to mennene som er arresterte og sikta for drapet har i fleire år vore ein del av eit belasta miljø. No meiner varaordføraren at kommunen ikkje har noko val, det må brukast meir ressursar på førebygging.

– Vi må klare å skape eit miljø der alle kan trivast. Det nyttar ikkje berre at vi har eit miljø for fotball og friidrett, vi må ta vare på alle.

– Har kommunen råd?

– Då må vi snu på det: har vi råd til å la vere? Det er klart at små investeringar her kan gje ein fantastisk gevinst i framtida. Både menneskeleg og økonomisk. Små tiltak tidleg gir god effekt framover.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland

NYE AVHØYR: Politiadvokat Inger Lise Høyland vil ikkje gå inn i detaljar om etterforskinga.

Foto: Truls Kleiven

Skal gjere nye avhøyr

Drapet i Florø er det fjerde drapet i området til Vest politidistrikt i 2019, og store ressursar er sett inn for å finne ut kva som skjedde. Hittil er nær 30 vitne avhøyrde, fleire hus er sjekka av kriminalteknikarar og politiet sikrar store mengder tekniske spor.

– No i helga har vi konsentrert oss om vitneavhøyr. Vi har også henta inn ein del overvakningsvideo frå området der vi trur dei involverte var den aktuelle dagen, seier politiadvokat Inger Lise Høyland.

Ho vil ikkje gå inn i detaljar i etterforskinga, men ho håpar at dei også får gjort nye avhøyr av dei sikta denne veka. Den eine av dei sikta nektar all straffskuld.

– Vi held fram etterforskinga for fullt, seier Høyland.