Hopp til innhold

Har skrive kontrakt for 180 millionar kroner

Vest Buss Gruppen AS i Stryn har teikna kontrakt på levering av 121 bussar til Nettbuss.

Vest buss Stryn

LEVERER TIL NETTBUSS: Vest Buss i Stryn har fått storkontrakt Nettbuss.

Foto: Arne Vik / NRK

– Kontrakten har ein verdi på mellom 180 og 200 millionar kroner og er stor for oss, seier styreleiar Per Dag Nedreberg til NRK.

Heile 121 bussar skal leverast før 1. juli neste år. Bussane kjem til Norge frå produsenten Iveco Bus i Tsjekkia frå april månad. Deretter tek Vest Buss Norge jobben med klargjering, skriv Fjordingen, som var dei første som melde om saka.

– Då snakkar vi om skiltkassar og kanskje handikapheis og slike ting, seier Nedreberg.

Skal gå på Austlandet

Per Dag Nedreberg

VIKTIG KONTRAKT: Per Dag Nedreberg er styreleiar i Vest Buss Gruppen AS.

Foto: Pressefoto

Iveco Bus produserer alle bussane, og det er Vest Buss Norge med hovudkontor i Stryn som har salsagenturet i Norge og Sverige. 60 av bussane går til Glåmdalen, 55 til Grenland og seks skal til Bergen.

– For oss er dette ein stor ordre, og det er no slik i denne bransjen at enten vinn du eit anbod eller så er du ikkje med. Etter to magre år for oss, var det veldig godt for oss å få ein store ordre no, seier Nedreberg.