NRK Meny
Normal

Har skote over 1000 hjort for å stoppe dødeleg sjukdom

I kampen for å hindre at skrantesjuka spreier seg til hjort og elg har jegerar rundt Nordfjella villreinområde jakta i tusenvis av timar i haust.

Hjort blir førebudd for helikoptertransport ned frå fjellet i Lærdal

HENTA UT MED HELIKOPTER: Fleire av hjortane som er felte i Lærdal i haust er skotne høgt til fjells. Medan jegerane før om åra berre kunne skyte to-tre dyr fordi dei måtte berast ned att, har jegerane i år kunne skyte langt fleire dyr fordi dei har hatt helikoptertransport tilgjengeleg.

Foto: Frank Bjørkum

– Skrantesjuka på villreinen i Nordfjella vil nok fort kunne smitte over på hjorten. Med vandringsmønsteret hjorten har, trur eg ikkje vi har kontroll på utviklinga om vi ikkje prøver å tynne ut hjortestammen i områda rundt, seier jeger Fredrik Hestetun i Lærdal.

– Vi er takknemlige

For jegerane i kommunane rundt Nordfjella har jakta på elg og hjort i haust hatt eit alvorleg bakteppe. På grunn av den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke blir heile villreinstammen i Nordfjella slakta ned, før området skal ligge brakk i minst fem år.

Den dramatiske situasjonen kan gå frå vondt til verre om sjukdommen smittar over på hjort- og elgstammar i omkringliggande kommunar. I Nord-Amerika er det nettopp på hjort at sjukdommen er mest utbreidd. Difor bad Mattilsynet jegerane om å skyte ned mykje meir hjort og elg enn vanleg.

På vestsida av fjellet, i Aurland, Årdal og Lærdal, er det skote ned nesten 1000 hjortar.

– Vi er veldig takknemlege for at folk stiller opp og gjer sin del i det som er ein ny sjukdomssituasjon i Norge, seier direktør for planter og dyr i Mattilsynet, Karen Johanne Baalsrud.

Henta ned dyr med helikopter

Den smittsame varianten av skrantesjuka er til no ikkje oppdaga på hjort i Norge. I haust vart sjukdommen påvist på ein hjort i Gjemnes i Møre og Romsdal, men dette var ikkje av den aggressivt smittsame varianten.

Mindre hjort og elg i områda tett opp mot Nordfjella er eit av fleire tiltak styresmaktene håpar skal redusere risikoen for smitte. Dei endelege tala for kor mange dyr som er skotne i kommunane rundt er klare først seinare i januar. Veka før jul visste oppteljinga 172 felte dyr i Aurland, 145 i Årdal og 649 i Lærdal.

Viltforvaltar Knut Fredrik Øi seier det er teke i bruk fleire verkemiddel. Talet jaktløyve vart dobla, i tillegg til at alle løyva var frie. Det vil seie at jegerane kunne skyte dyra uavhengig om det var hann, ho, kalv eller vaksne dyr.

Frysekapasitet på Håbakken i Lærdal i samband med hjortejakta 2017

AUKA FRYSEKAPASITET: Bedrifter i indre Sogn gjekk saman om å få på plass auka frysekapasitet. Slik kunne jegerane skyte meir dyr enn dei sjølve hadde plass til i eigne frysarar. Vel 250 dyr er blitt foredla av lokale bedrifter.

Foto: Fredrik Hestetun

I samarbeid med kjøttforedlingsbedrifter i området kom det også på plass ekstra kjølekapasitet i Lærdal og Aurland, der jegerane kunne levere skrottane til vidare sal.

Rundt 100 dyr har også blitt henta ned frå fjellet med helikopter, noko som har skjedd i samarbeid med dei som har floge ut villrein frå jakta i Nordfjella.

– Veldig mange av desse dyra hadde ikkje blitt skotne hadde det ikkje vore for helikopterordninga. Dyra som er skotne i høgda er også spesielt interessante å ta prøver av, fordi dei går i området der det også går villrein, seier Øi.

Også på andre sida av fjellet har jegerane gjort ein innsats utanom det vanlege i haust.

- Dei har skjønt alvoret, og har teke ut så mange dyr som dei har klart, seier Petter Owesen, viltforvaltar i Hemsedal.

Stort uttak av hjort i Lærdal hausten 2017

SKAUT 12 PÅ EI JAKT: Jaktleiar Fredrik Hestetun seier jaktlaget hans i haust skaut 12 dyr i løpet av ein dag. Til saman har dei to jaktlaga han leiar skote 45 dyr.

Foto: Fredrik Hestetun