NRK Meny
Normal

Har skifta ut landslaget med gardsarbeid

Inntil for få dagar var det Therese Johaug og resten av skilandslaget som hadde glede av Roar Hjelmeset sine ferdigheiter. No er det mora som får hjelp til gardsarbeid.

Beate Brøvig og Roar Hjelmeset.

HJELPANDE HAND: Beate Brøvig og Roar Hjelmeset hjelper mora til Roar med å reparere eit gjerde som snøen har øydelagt. – Det er fint å kome heim att og gjere andre ting og, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

For ei veke sidan kom beskjeden om at suksesstrenaren frå Gloppen gir seg som hovudtrenar for verdas beste kvinnelege langrennslandslag.

Då NRK møter igjen den sindige nordfjordingen er han heime på garden på Hjelmeset i Gloppen. Her kosar han seg i vårsola saman med sambuar Beate Brøvig.

– Akkurat no held eg på med å hjelpe mor mi med å reparere eit gjerde som snøen har øydelagt i vinter, forklarar 40-åringen.

Johaug: – Synd og leit

Hjelmeset har hatt stor suksess som trenar for alle landslaga han har hatt ansvar for i over 10 år. Ein av dei største stjernene, Therese Johaug, gav glopparen dette skussmålet då nyheita om avgangen vart kjend:

Therese Johaug

BEKLAGA AVGANGEN: Therese Johaug synest det var synd og leit at Roar Hjelmeset gav seg som trenar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er jo veldig synd og leit. Han har vore ein fantastisk trenar og vore i skiforbundet i mange år. Det er ein mann som har fått til utruleg mykje, sa Johaug til NRK.

Sambuaren: – Lang prosess

Forklaringa Johaug og rensten av damene på landslaget fekk var at Hjelmeset ønskte å få meir tid til dei han er i glad i heime. Og ei som heilt sikkert er glad for det, er sambuaren Beate Brøvig.

– Det har vore ein lang prosess med diskusjonar, spesielt den siste vinteren. Eg hadde ikkje hatt noko imot om han heldt fram, men det er fint at han no kan bruke meir tid saman med familien. Og så fekk han jo eit så bra jobbtilbod på skigymnaset på Hovden der vi bur, smiler sambuaren.

Hjelmeset: – Gir meg på topp

Han forstår at folk stiller spørsmål ved at han gir seg no når landslaget gjer det så bra.

– Mykje har gått bra og det har vore utruleg morosamt, men alt har si tid. Det er betre å slutte før det byrjar å gå dårleg, og når eg sjølv kan bestemme det. Då får ein kanskje mogelegheita igjen ein gong seinare. Eg føler eg gir meg på topp, forklarar han.

Men å kalle det ein lette å vere kvitt trenaransvaret vil han ikkje vere med på.

– Eg har jo hatt det veldig fint. Eg kjem nok til å sakne miljøet, men ein gong må det vere slutt. Eg håpar likevel at eg kjem til å ha kontakt med miljøet også i framtida.

– Meir trenar enn bonde

Sjølv om han hjelper litt til heime på garden i Gloppen i feriane, vert det ingen bonde ut av 40-åringen, skal vi tru Hjelmeset då NRK spør om han likar gardsarbeid:

– Ja, jo, når det er fint ver er det jo alltid greitt å jobbe med slike ting. Men det er ikkje dette eg har lyst til å jobbe med i framtida. Men av og til går an å gjere noko som i alle fall liknar litt på gardsarbeid.

Skal på Malakoff

Sommaren nærmar seg, men førebels har familien ikkje dei store ferieplanane utover at det heilt sikkert vert fleire turar heim til gardsbruket på Hjelmeset.

– Vi kjem nok til å vere med på Malakoff og countryfestivalen, skyt sambuar Beate Brøvig inn.

Vegopning på Bergum i Førde kommune