Hopp til innhold

Skapar eige levebrød av å digitalisere film

Det byrja med at han trengde å digitalisere sine eigne gamle filmar. No har Steinar Hilde i Innvik gjort levebrød av hobbyen sin.

Her reddar Steinar film

FOR ETTERTIDA: Her har Steinar Hilde rigga til sitt eige kontor kor han bergar filmar for ettertida.

Foto: Inge Fænn

Han er nett ferdig med å lage til kontor for Filmdigitalisering AS i den gamle fjøsen til Larsbruket på Hilde i Innvik. Båsane og kyrne er for lengst vekk. På benkene står topp moderne utstyr, mykje av det frå USA. Her gir han liv til gamle filmar, skriv Fjordingen.

– Allereie på 80-talet dreiv eg og pusla med video og slikt. Det har liksom gått slag i slag. På 2000-talet tok eg til å digitalisere mine eigne filmar, seier Hilde til NRK.no.

Eigentleg er han bonde, og det var han også i 20 år, før allergi førte til at han måtte kutte ut.

Har lært seg det meste sjølv

Hadde nokon sagt til han då at det han dreiv med seine nattetimar ein vakker dag skulle bli god butikk, hadde han nok trudd det hadde rabla for nokon kvar.

I 2010 byrja det å ta av. I 2011 var det heilt vilt.

– Eg hadde problem med å ha jobb ved sidan av. Dei to første månadene i år har også vore gode. Det verkar å vere ein nesten umetteleg marknad nett no, seier Hilde, som er sjølvlært.

Kort fortalt kan han få film frå dei fleste format over til digital form, slik at du til dømes kan sjå filmane på DVD. Sjølv om dei vart filma på smalfilm av bestefar for 60 år sidan.

Vanskeleg å få tak i utstyr

Men det krevst utstyr for å digitalisere film. Haugevis med utstyr. Dyrt utstyr, og ikkje minst utstyr som det er særs vanskeleg å få tak i.

For at ein skal kunne digitalisere film, må ein nemleg ha noko å spele av filmen på. Og då snakkar vi ikkje berre gamle VHS-spelarar.

– Nei, å få tak VHS er ikkje så vanskeleg. Men det finst mange andre format som er langt meir krevjande å få tak i, som til dømes Video 2000 og Betamax, seier Hilde, for å nemne nokon.

For å finne ein Betamax, ein god og velfungerande ein, frå 1984 er ikkje gjort i ei handvending.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Hilde

AVANSERT: Det er avanserte maskiner som må trakterast med varsemd for at ikkje originalfilmane skal bli skadde.

Foto: Inge Fænn

Har fått hjelp frå utlandet

Fleire gonger har han måtte få hjelp frå utlandet for å få tak i maskiner som fungerer. Kor mykje pengar han har brukt på hobbyen som no er eit levebrød, vil han ikkje ut med.

– Nei, det vil eg ikkje kommentere, seier han lurt til NRK.no.

– Men no har eg alle amatørformat og er rimeleg godt utstyrt. Det er viktig med ein maskinpark som fungerer, ein vil ikkje risikere å øydeleggje originalfilmen til kunden. Det ville vere krise, seier Hilde.

Smalfilm er også eit format han har mange jobbar innan, og responsen frå folk let ikkje vente på seg.

Ringde og grein i telefonen

– Folk er utrulege til å gi tilbakemeldingar. Ein gong digitaliserte eg ein smalfilm for ei pensjonert dame. Filmen var teken opp av faren hennar og synte henne som lita jente. Ho hadde sjølv aldri sett filmen, og var følgjeleg spent. Ho ringde etter at ho hadde fått filmen, og var så rørt og glad at ho gret i telefonen, seier Hilde til NRK.no.

Han legg til at det er mange som har filmar av ymse slag som ligg gøymde i ein kasse på loftet.

– Folk kastar ikkje slikt, men samtidig har dei ofte ikkje moglegheit til å få sett på det. Så då ligg skattane der, utan at nokon får glede av dei, seier Hilde.

Framleis har han ein deltidsjobb på si, men håpet er å kunne leve fullt og heilt av sitt eige firma.

– Då eg tok til som gardbrukar her, så fekk eg det for meg at det var her eg skulle jobbe. Slik får det bli, seier Hilde til NRK.no.