Hopp til innhold

Har skaffa 350 frivillige til Førdefestivalen

Ingebjørg Nomeland elskar å vere frivillig på festivalar, og har tidlegare vore det på fleire ulike arrangement. No har ho ansvar for 350 frivillege på Førdefestivalen.

Ingebjørg Nomeland har ansvar for dei frivillege

OMREISANDE «FESTIVALSURFER»: Ingebjørg Nomeland har skaffa 300 frivillige til Førdefestivalen. Sjølv skal ho vidare for å bidra på andre festivalar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Førdefestivalen går av stabelen 1. juli og Nomeland har ansvaret for alt frå bussjåførar til artiskontaktar.

– Det krev at ein held tunga rett i munnen og skriv ned alt slik at ein har det ein eller annan stad, for det skjer noko nytt kvart andre sekund, seier Nomeland.

Søv ikkje vekk sommarnatta

Då Nomeland vart frivillegsjef fekk ho beskjed om å skaffe 300 frivillege, noko ho ikkje var budd på.

– Eg var ikkje klar over at det var så mange, men det ordna seg. Det er mange som har delteke sidan starten og mange som kjenner eigarskap til festivalen som gjerne vil bidra, seier ho.

I dagane før og under festivalen blir det lite søvn på frivillegsjefen.

– Det blir jobba mellom klokka 06 og 03, og eg likar å vere der å ønskje velkomen, samt å førebu meg på morgondagen før eg går heim, så det blir ikkje så mykje søvn, fortel Nomeland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førdefestivalen frukost og parade

TRENG MANGE FRIVILLIGE: For at Førdefestivalen skal gå rundt trengst det om lag 300 frivillige.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Omreisande «festivalsurfar»

Nomeland har budd fleire stader i landet og delteke på svært mange festivalar.

– Norwegian Wood, Oslo World, Tahitifestivalen, Matamål, Superveka og Sommarfesten, lista har byrja å bli lang. Men eg elska det, seier ho.

Nomeland fortel at det å vere frivilleg gjer ho svært mykje og trur oppveksten henna på gard har lært ho å bidra.

– Tok naboen potete hoppa vi over gjerdet og hjalp til, også gjekk det andre vegen når vi jobba med noko. Når vi skapar og utrettar noko saman, så gjer det meg ei utruleg god kjensle, seier ho.