Har sjekka ut ulvespor

Statens Naturoppsyn sjekka før helga ut meldingar om ulvespor og observasjon av ein ulv ved Foss i Hyllestad. Konklusjonen på alle er at det ikkje er tale om ulv. Ein DNA-analyse stadfesta at det før jul var ein ulv i Dale. Dette er truleg same ulven som forsynte seg av sauer på sunnfjordbeite i fjor.