Hopp til innhold

Har sjekka nesten «alle» verkstadane

Storparten av verkstadane på Vestlandet fekk i løpet av 2013 Vegvesenet innom. Berre to mista godkjenninga, noko kontrollørane meiner vitnar om ein bransje som tek jobben sin på alvor.

Bilverksted

PÅ BESØK: Vegvesenet sine folk var innom storparten av verkstadane på Vestlandet i løpet av fjoråret. Slik håpar dei å sikre seg at bransjen følgjer reglane. (Verkstaden på biletet har ingenting med saka å gjere).

Foto: Jan Gulliksen / NRK

– Verkstadane på Vestlandet er blitt veldig bra, seier Kristian Andre Sæbø som er overingeniør ved tilsynsseksjonen hos Statens vegvesen, region Vest.

Region Vest består av fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, og til saman er det 658 godkjente verkstader i området. I løpet av 2013 hadde Vegvesenet sine folk 565 tilsyn.

– Vi er godt nøgde med dei tala, som viser at mesteparten har fått besøk av oss, seier Sæbø til NRK.no.

– Tala viser at alt går i rett retning, vi kontrollerer fleire, og vi sanksjonerer mot færre. Det er vi veldig godt nøgde med.

Kontrollerer under ein prosent

Kristian André Sæbø

FLINKE: Kristian Andre Sæbø i tilsynsseksjonen hos Statens vegvesen, region Vest, seier dei ser mykje bra hos bilverkstadane på Vestlandet.

Foto: Anna Gytri / NRK

Formålet med kontrollane hos verkstadane er å sikre seg at dei følgjer gjeldande lover og reglar, og at bileigarar kan vere trygge på den jobben som blir gjort der. I tillegg til tilsyn hos verkstadane blir det også utført såkalla stikkprøvekontrollar av EU-kontrollane.

– Dette skjer på to måtar. Enten at vi kontrollerer vedkommande som gjennomfører ein EU-kontroll på verkstaden, eller at vi tek sjølve køyretøyet inn til ein kontroll i etterkant av at bilen har vore på verkstaden, forklarar Sæbø.

I 2013 utførte Vegvesenet i region Vest 854 slike stikkprøvekontrollar. Det er framleis berre ein forsvinnande liten del når det i regionen vart EU-godkjent 260.538 køyretøy. Om ein ser på det i prosent blir under ein prosent av dei EU-godkjente bilane kontrollert.

– Vi oppfyller krava frå Vegdirektoratet, men det er klart vi alltid vil streve etter å få til fleire slike kontrollar. Men ut frå den tida og dei ressursane vi har, så meiner vi at vi har klart oss veldig bra, seier Sæbø.

Han understrekar at stikkprøvekontrollar er eit satsingsområde for Vegvesenet, og at talet kontrollar har gått opp dei siste åra. I 2010 var det til dømes 65 slike kontrollar i Sogn og Fjordane, medan talet for 2013 var 177.

– Dette seier noko om satsinga, vi ønskjer å gjennomføre stadig fleire slike kontrollar, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Mange verkstader overser feil når dei EU-godkjenner bilar.
Det viser stikkontrollar frå Statens vegsesen. Denne veka blir nyleg EU-godkjende bilar i Sunnfjord kalla inn til kontroll i Førde.

KONTROLL AV KONTROLLEN: Stadig fleire bileigarar får brev i posten om at Vegvesenet vil kontrollere EU-kontrollen. Sjå TV-saka frå juni 2012.

Ikkje alle har alt i orden...

Tilsyna og stikkprøvekontrollane gir resultat. I året som har gått gav Vegvesenet sine folk 74 pålegg og 32 åtvaringar til verkstader som hadde feil og manglar.

– Eit pålegg blir gitt for mindre feil, til dømes at ein verkstad ved ein EU-kontroll gløymer å kontrollere om hornet fungerer eller ikkje.

– 74 slike pålegg er likevel mange nok, og vi skulle ønskje talet var mindre. Samtidig er det viktig seie at talet reaksjonar frå vår side har gått ned dei siste åra.

Verkstader som til dømes ikkje etterfølgjer pålegg kan bli gitt ei åtvaring, og med mange nok av dei tek Vegvesenet godkjenninga.

– Verkstadane får fleire sjansar til å ordne opp. Men dei som ikkje har evne til å rette seg etter pålegg og åtvaringar får godkjenninga inndrege, seier Sæbø.

To mista godkjenninga

I fjor var det to verkstader på Vestlandet som miste godkjenninga. Eit lågt tal som Vegvesenet seier seg godt nøgde med.

– Det er veldig lite, noko vi er godt nøgde med.

– Så kan ein sjølvsagt spør seg om vi er for snille eller om vi har gjort alt rett, men vi meiner dette er eit resultat av godt kontrollarbeid over år. Vi har informert og rettleia bransjen, og bransjen følgjer opp.

Han understrekar at det ikkje alltid er feil og manglar som er årsaka til at godkjenningar blir trekte tilbake. Om til dømes ein person sluttar, vil det kunne vere nok til at verkstaden ikkje tilfredsstiller krava.

Ulovlege verkstader

I løpet av fjoråret avdekka Vegvesenet også fleire titals ulovlege verkstader på Vestlandet. Dette er verkstader som manglar godkjenning, og som i mange tilfelle ikkje har peiling på kva dei driv med, fortel Sæbø.

– Dette er noko vi ser alvorleg på. Nokon av dei har kompetanse til å utføre reparasjonar, og arbeider i god tru om at det ikkje er krav til godkjenning.

– Men av dei vi har sett er det mange som ikkje har kompetanse til å utføre gode reparasjonar, noko som kan gå utover tryggleiken, seier Sæbø som seier dei har grunn til å tru at dei berre avdekker toppen av isfjellet.

Storparten av dei 73 ulovlege verkstadane Vegvesenet har avdekka i region Vest er i og rundt dei store byane.

– Vi informerer dei om regelverket og ber dei søkje om godkjenning. Dei som ikkje gjer enten det, eller legg ned drifta, blir politimelde.