Hopp til innhold

Har sjekka alle landgangane etter uhell

I fjor sommar hamna seks turistar i sjøen då dei skulle om bord i ein båt i Gudvangen. No er alle landgangane kontrollerte for å hindre at noko slikt skjer igjen.

Brygge kollapsa i Gudvangen

DRAMATISK: Seks franske og kinesiske turistar fall i vatnet etter at landgangen kollapsa då dei skulle om bord i ei ferje.

Foto: Tiril Hylland

– Vi har funne ut at status for dei fleste er OK, men det har vore manglar ved nokre livbøyer. Men dette arbeidet er noko vi kontinuerleg må følgje opp, slik at vi ikkje oppleve ei slik hending igjen, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.

Aurland er ein stor turistkommune og kvart år kjem mange tusen gjester på besøk. Mange kjem med turistferjer og småbåtar som ferdast på strekninga mellom Aurland og Gudvangen, gjennom UNESCO-området Nærøyfjorden.

Festet svikta

Uhellet i fjor sommar skjedde då ei gruppe på 174 turistar skulle gå om bord i ei ferje. Landgangen frå kaia til brygga kollapsa, og seks franske og kinesiske turistar hamna i sjøen. Fleire andre hoppa uti for å hjelpe. Ingen av turistane blei alvorleg skadde, men ein person er blei frakta til Voss sjukehus.

– Det er ingen tvil om at festeordninga på flytebrygga har svikta, sa lensmann Magne Knudsen i Årdal i sommar.

Brygga som kollapsa, var eit supplement til hovudkaien i Gudvangen, og blei bygd for halvanna år sidan. Ho er eigd av Aurland hamnevesen, som er eit kommunalt føretak i Aurland kommune.

flytebrygga i gudvangen

GANGBRU: Det var denne landgangen som kollapsa.

Foto: Arne Veum

Vurderer skilting

Etter hendinga bestemte Aurland kommune seg for å kontrollere alle flytebryggjene dei er ansvarlege for. Det er også slike i Undredal, Flåm og Aurland. Landgangen som kollapsa, har blitt bytta ut med ein sterkarare konstruksjon.

Assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje seier at politiet enno ikkje har konkludert i saka, men at eit tiltak dei vurderer er å setje opp skilt om kor mange som kan vere på landgangane samstundes.

– Vi hadde rutinar på kor mange som kunne vere samstundes i sommar då uhellet skjedde, men dei svikta dessverre.

Stedje seier at turistane skulle levere billettane på kaia, slik at det blei ein jamn straum med folk som gjekk over landgangen.

– Men det som skjedde var at folk både var på veg på og av båten då landgangen knakk, seier han.

– Kor viktig er det å ha gode rutinar når det strøymer på med turistar?

– Det er sjølvsagt veldig viktig. Vi må jo ta vare på gjestane våre og tryggleiken deira, elles kan det gå utover omdømmet vårt. Difor må vi ha gode rutinar for kontrollere anlegga vi disponerer, seier Stedje.