NRK Meny
Normal

Har sikta nordfjording for råkøyring

Politiet har sikta ein mann for å ha køyrt rett forbi UP i 171 kilometer i timen på ein motorsykkel. Mannen frå Ytre Nordfjord nektar for å ha gjort dette.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

ETTERFORSKAR SAKA: Lensmann Tormod Hvattum seier dei held fram etterforskinga utover onsdagen for å finne ut om det var den sikta som køyrte motorsykkelen.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Etter at ein motorsyklist raste forbi ein UP-kontroll i Almenningen i Vågsøy laurdag i 171 kilometer i timen, har politiet sikta ein mann frå Ytre Nordfjord i saka. Det er også gjort beslag i saka, men av omsyn til etterforskinga ønskjer ikkje politiet å gå ut med informasjon om kva dette beslaget inneber.

Nektar straffskuld

Politiet kom fram til mannen ved hjelp av vitne og bilete frå overvakingskamera, ifølgje lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.

– Han vart avhøyrt i går kveld. Han nektar for høvet, så vi vil halde fram etterforskinga i dag, seier lensmannen.

Etterforskinga omfattar avhøyr av minst fire vitne frå omgangskretsen til den sikta.

– Vi er ikkje sikre på det er han som har køyrt motorsykkelen, og det er difor vi held fram etterforskinga, seier Hvattum som heller ikkje kan seie om det er den sikta som eig sykkelen.

«Kom som ein prosjektil»

– Kva var bakgrunnen for å sikte mannen?

– Det er i samband med at vi har fått tillating til ransaking og beslag og då får han status som sikta, seier lensmannen.

Hvattum fortel at UP skildrar hendinga som at «sykkelen nærast kom som ein prosjektil bortetter vegen». Politiet ser svært alvorleg på saka.

– Det seier seg sjølv at å køyre over 170 kilometer i timen er å leike med både sitt eige liv og andre sine, så det er veldig alvorleg, seier Hvattum.

Politijurist Jørn Lasse Refsnes seier til Fjordenes Tidende, at lovbrotet gir eit klart grunnlag for fengselsstraff.