Hopp til innhold

Har sikra seg millionkontrakt med bryggeri

LUSTER (NRK): Digital Etikett i Luster sikra seg denne veka ei ny millionkontrakt. Denne gongen med Mack bryggeri Tromsø.

 Kjetil Hovland

Kjetil Hovland og dei tilsette ved Digital etikett skal produsere tre millionar slike for Mack Bryggeri.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Tysdag så tikka det inn ein sms frå Mack Bryggeri, om at vi dei neste tre åra skal levere alt dei treng av sjølvklebande etikettar, seier dagleg leiar Kjetil Hovland.

Dermed kjem to til tre millionar etikettar frå Digital Etikett bli å finne på produkta til bryggeriet i nord.

Få hadde trudd at verksemda som i 2007 vart etablert i ein garasje, på få år skulle slå seg opp til å bli ein viktig aktør i marknaden. Verksemda, som ligg på Gaupnegrandane, har i dag 13 tilsette. I fjor omsette dei for heile 27 millionar kroner og sat att med eit overskot på fire millionar.

– Det har vore ein utruleg vekst sidan vi byrja, og eg trur vi kjem til å passere 30 millionar i år. Å gå frå null til 27 millionar på åtte år må seiast å vere bra, seier Hovland.

Viktig bedrift i Luster

– Det betyr alltid mykje å ha verksemder som går godt, og kan få fleire tilsette, seier næringssjef Olav Grov.

Olav Grov, næringssjef i Luster

GLAD FOR GRÜNDERAR: Olav Grov er næringssjef i Luster.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Luster er ein av kommunane i Sogn som har flest som pendlar ut av kommunen for arbeid. Difor betyr gründerar som Hovland mykje.

– Hovland er på mange måtar kroneksempelet på ein gründer. Han selde hus og heim i Asker for å flytte heim til Luster. Her har han etablert ei verksemd som no er i toppen, både nasjonalt og internasjonalt, når det gjeld teknologi, seier Grov.

Fleire tilsette

I tillegg til å vere ein viktig referansekunde for verksemda i Luster, betyr treårskontrakten med Mack også fleire tilsette.

– Kontrakten kjem mest sannsynleg til å bety at vi må starta med kveldsskift til hausten, og må tilsette minst ein og kanskje to i produksjonen, seier Hovland.

– Korleis er det å drive ei bedrift inst i indre Sogn, og ha kundar over heile landet?

– Logistikken, det å få henta varer på tider som gjer at vi kan får dei fram til kunden neste dag, det er kanskje den største utfordringa, seier Hovland.

Må truleg utvide

I fjor flytta dei inn i nye fabrikklokale, men allereie no er Hovland byrja å tenke på utviding.

– Vi har maskiner som kan gå i tre skift, men i dag køyret vi med eitt. Det er lageret som er problemet. Eg har vore i kontakt med næringssjefen om å kjøpe meir areal, så eg trur ikkje det er lenge før vi må utvide, seier Hovland.