Hopp til innhold

Har sikra kring 4000 år gamle spor frå Engebøfjellet

VEVRING (NRK): Arkeologar har grave fram viktige forhistoriske spor etter jordbruk og busetnad i Vevring, og sikra dei før gruvedrifta kjem.

Engebøfjellet, gruvedrift, arkeologisk utgraving, kristoffer hillesdal, engebø, vevring

FERDIG: Feltleiar Kristoffer Hillesdal og feltassistent Marius Fugelsnes har brukt to månader på å sikre kulturminne ved Engebøfjellet. Det er sjeldan dei arbeidar på stader som dette.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Før selskapet Nordic Mining kan setje i gang planane om å vinne ut viktige mineral frå Engebøfjellet, må kulturminna i området sikrast. I to månader har arkeologar frå Universitetet i Bergen jobba i området.

– Vi har funne spor etter kring 4000 år med kontinuerleg menneskeleg aktivitet, frå steinalderen til jernalderen, seier feltleiar Kristoffer Hillesland.

Fant noko anna enn venta

Hillesland og dei andre arkeologane har no dokumentert skifta som har skjedd frå jeger- og fiskarsamfunnet til tidleg gardsdrift

– Vi kan sjå korleis det utvikla seg mot eit meir spesialisert handelssamfunn. Funna hjelper oss med å forstå heilskapen i samfunnet, og vi veit no meir om befolkninga som budde her, seier han.

Engebøfjellet, gruvedrift, arkeologisk utgraving, kristoffer hillesdal, engebø, vevring

FLINT: Arkeologane fann fleire reiskapar av flint, blant anna ei øks og ein syl. Sylen er brukt til skinnarbeid.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Ja vi veit meir, men berre om Engebø. Engebø er ikkje nødvendigvis representativ for resten av landet, men det er viktig å undersøke funn herifrå for å sjå om det kan setjast inn i ein større samanheng med funn frå andre stader.

Engebøfjellet, gruvedrift, arkeologisk utgraving, kristoffer hillesdal, engebø, vevring

VIKTIG: Funna som feltleiar Kristoffer Hillesdal og feltassistent Marius Fugelsnes har gjort ved Engebøfjellet er viktige for å forstå korleis folk samhandla med kvarandre for 4000 år sidan.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Førkristen religion

Bruken av utmarka har arkeologane undersøkt lenger oppe i fjellet, men nede ved vatnet har dei grave ut kring 4000 kvadratmeter med jord. Der fann dei spor etter hus, jordbruk og religiøse aktivitetar.

– Her har dei gjødsla med hushaldningsavfall for å dyrke korn. Det kan eg sjå på jordlaga, det er brent bein, brent leire og trekol, seier Hillesland.

I tillegg har dei funne restar etter førkristen religion. Ei stor bergflate ned mot vatnet, fleire groper med kol frå jernalderen og eit området i midten, inngjerda av ei grøft, viser at det har blitt praktisert rituelle måltid.

– Det har nok vore ei hytte her og, og kanskje ein trefigur eller to av gudane deira. Dette har vi døme på frå andre stader i Nord-Europa. Slike rituelle stader er vanlege også i Noreg, seier Hillesland.

Har fått mykje informasjon

Ikkje alle spora frå Engebøfjellet er like enkle å tolke. Arkeologane har til dømes funne ein hellerlokalitet, eller ein heller, men dei veit ikkje nøyaktig kva den er brukt til.

– Det har vore ei stor og informativ utgraving, og forhåpentlegvis har vi bli litt klokare, seier Hillesland.

Engebøfjellet, gruvedrift, arkeologisk utgraving, kristoffer hillesdal, engebø, vevring

HELLER: Denne hella har vore brukt, men det er vanskeleg å vite nøyaktig kva den er brukt til.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK