Hopp til innhold

Har signert ny avtale med Lerum

Samarbeidet mellom Sogndal Fotball og Lerum liknar meir og meir på eit langt ekteskap. Og det har vore avgjerande for at klubben i saftbygda har kunne drive med toppfotball.

Egil Mundal

35 ÅR: Så lenge har Sogndal Fotball og Lerum samarbeidd. Det gler dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball stort.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Med litt perspektiv på det kan vi seie at det ikkje hadde vore fotball på toppnivå i Sogndal om det ikkje hadde vore for Lerum. Dei har vore heilt avgjerande for oss, seier dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball til NRK.no.

For kort tid sidan signerte partane ein sponsoravtale for to nye år, og når dei har gått kan dei sjå tilbake på 35 år samarbeid. Mundal gler seg stort.

– Det at ei slik hjørnesteinsbedrift tek eit utvida samfunnsansvar gjer at vi kjenner oss privilegerte som får jobbe med dei, seier han.

Stolte over det dei har fått til

Med 35 år kontinuerleg samarbeid er det den lengste avtalen som finst i norsk toppfotball.

– Dette er den lengste generalsponsoravtalen innan fotball i Norge, og det er vi veldig stolte av, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, til NRK.no.

Også administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, er stolt av det dei to har fått til.

– Lerum og Sogndal Fotball har samarbeida sidan 1981. Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit. Begge ønskjer å bidra til utvikling av det samfunnet vi er ein del av. I tillegg er vi begge i ein knalltøff bransje der konkurransen er stor.

– At vesle Sogndal har eit tippeligalag og ein stor næringsmiddelaktør, er noko vi er stolte av, seier ho i ei pressemelding.

Tidlegare i haust forlenga Sogndal Fotball sponsoravtalen dei har med Sparebanken Vest.

(Artikkelen held fram under)

Trine Lerum Hjellhaug

STOLT SPONSOR: Trine Lerum Hjellhaug i Lerum.

Foto: Anne Lise Urdal

– Medgang og motgang

Sidan den første avtalen vart signert i 1981 har Lerum gitt Sogndal Fotball moglegheita til å satsa på toppfotball med utgangspunkt i Sogndal og Sogn og Fjordane.

Gjennom alle desse åra har Lerum vore ein viktig bidragsytar til at Sogndal Fotball er der dei er i dag.

– Lerum har vore med i medgang og motgang. Utan deira bidrag, hadde ikkje dette vore mogleg. Nettopp den langsiktige tenkinga som Lerum har bidrege med, har vore avgjerande for at også klubben har kunne satsa langsiktig. Vi har framleis mykje å lære av kvarandre, seier Mundal ifølgje pressemeldinga.

– No signerer vi for nye to år, sjølv om intensjonen er at vi skal samarbeida utover desse to åra. Vi trur på å gjere kvarandre gode, avsluttar Lerum Hjellhaug