Hopp til innhold

Har sett seg grundig lei på Kvikkas-trøbbelet for avisene

NAUSTDAL (NRK): Problema med avislevering i distrikta ser ikkje ut til å ha nokon ende. Seinast sist laurdag blei over 900 abonnentar i Sogn og Fjordane råka av Kvikkas-trøbbelet.

Jan Herstad

HAR FÅTT AVISA, MEN: Jan Herstad har ikkje tru på stabil laurdagsavisleveranse framover.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I snart to månader har Kvikkas og Norpost hatt ansvaret for å levere laurdagsaviser til abonnentane. Seinast sist laurdag

– Eg trur at denne måten å løyse postomberinga på aldri vil bli bra. Det er langt vanskelegare for eit firma som køyrer ein gong i veka enn Posten som har bygt opp ei bemanning og dermed står mykje betre rusta til å takle dette.

Det seier Jan Herstad frå Naustedalen i Sunnfjord. Han har sett seg grundig lei på at Kvikkas og deira underleverandør Norpost ikkje klarer å utføre oppdraget dei har fått.

Seinast sist laurdag var det rundt 800 Firda-abonnentar som ikkje fekk avisa si, og i Sogndal var det 130 som ikkje fekk Sogn Avis.

– Forferdeleg situasjon

Yngve Årdal

FORTVILA: Redaktør Yngve Årdal har hatt hektiske og langt frå avslappande helger sidan Norpost tok over leveringa av laurdagsaviser.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjølv har Herstad fått avisa dei siste laurdagane, men han veit om fleire som ikkje er like heldige. Redaktør Yngve Årdal i Firda er mildt sagt fortvila over situasjonen.

– Vi trudde at det hadde gått seg til, men så toppa det seg igjen. Det er ein heilt forferdeleg situasjon å vere i. Her har Samferdselsdepartementet gitt ein aktør pengar for å levere ut aviser, så gjer ikkje dei jobben sin, og vi blir skadelidande.

Dagleg leiar Leif Johannes Lunde i Sogn Avis seier at sist laurdag var det ei rute i Sogndal som ikkje vart køyrd, og 130 vart utan Sogn avis.

– Det er vi i dialog om og prøver å løyse. Vi trur det var rett og slett mangel på sjåfør som var årsaka.

Leif Johannes Lunde

HÅPAR DET GÅR SEG TIL: Dagleg leiar Leif Johannes Lunde i Sogn avis.

Foto: Eirik Thue / Sogn avis

– Tolmodet er tynnslite

Både Sogn Avis og Firda har mist abonnentar på grunn av alt rotet med laurdagsavisene.

– Men dei fleste er tolmodige med oss, for vi prøver så godt vi kan å løyse det. Eg håpar og kryssar fingrane, seier Lunde.

– Eg håpar og trur at dei får orden på det, men tolmodet vårt tek til å bli tynnslite, seier Yngve Årdal i Firda.

Mykje omtalte Kvikkas har hyra inn eit firma som heiter Norpost til å stå for distribusjonen, mellom anna i Sogn og Fjordane.

– Djupt tragisk

Geir Trygve Feltstykket har nyleg teke til som administrerande direktør i Norpost. Han seier at han forstår veldig godt frustrasjonen til avisene.

– Det synest eg er djupt tragisk. Vår jobb er å syte for at folk får avisa si. Vi jobbar med problemstillinga heile tida.

Han seier at ei personalsak ligg bak mykje av problema Firda opplevde sist laurdag. Denne saka vil han ikkje gå nærare inn på

– Vi har kome fram til ei løysing som gjer at eg er veldig sikker på at komande laurdag skal folk få avisene sine.