Hopp til innhold

Nils har sett alle heimekampar i serien sidan 1964 – minus tre

Den siste seriekampen Nils Ølnes gjekk glipp av på Fosshaugane var i 1989…

Nils Ølnes

PÅ SIN FASTE PLASS: På nye Fosshaugane Campus har Nils Ølnes fått sete med sitt eige namn, midt på langsida og med god utsikt over det som skjer på bana.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er interessant å følgje med. Eg har vore med heile vegen sidan eg var 18 år, seier Nils Ølnes.

65-åringen har ei merittliste truleg ingen andre kan måle seg med: Sidan 1964 har han berre gått glipp av tre heimekampar med Sogndal i serien.

Søndag såg han sin kamp nummer 521, då Sogndal spelte 0-0 mot Aalesund på Fosshaugane.

Ingen har fleire heimekampar

Til samanlikning har Asle Hillestad klubbrekorden med 611 spelte kampar for Sogndal.

Så kan ein gå ut ifrå at om lag halvparten av desse er spelte på Fosshaugane – altså langt unna tal kampar for Ølnes.

– Den siste kampen eg gjekk glipp av, var mot Molde i 1989, opplyser sogndølen.

– Viktigast å vere der i motgang

Han vedgår at interessa for klubben i sitt hjarte nok er større enn for mange andre. For Ølnes er Sogndal Fotball ein lidenskap.

– Eg møter opp på kamp, anten Sogndal taper eller ikkje – og om dei er i eliteserien eller ikkje. Det er aller viktigast å støtte dei når det buttar imot, seier han.

Var ivrig 18-åring på 60-talet

Etter det NRK forstår, er det fleire andre som kan skilte med stort oppmøte på Sogndal sine heimekampar – men dei fleste av desse har komme til etter gjennombrotet i norsk toppfotball og cupfinalen i 1976.

– Det var ikkje så mange som gjekk på kamp på 60-talet. Eg hugsar eg stod bak målet ned mot Sogndalsfjøra. Eg var ein ivrig 18-åring, ler Ølnes.

– Den gongen fekk ein meir kontakt med spelarane. Klubben er så mykje større no, legg han til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils Ølnes på sin faste plass på Fosshaugane

KAMP NUMMER 521: Det vart berre uavgjort då Nils Ølnes såg sin kamp nummer 521 på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Aabrekk: – Ein overmann!

Ølnes har mange gode minne frå Fosshaugane, og synest det er vanskeleg å trekkje fram favorittar. Men han kjem ikkje unna laget med Svein Bakke og Knut Christiansen i spissen.

Dessutan er han oppteken av at det er kjekkast å følgje laget når det er mange lokale spelarar med.

Han har ingen planar om å slutte med å gå på kamp med det aller første.

– Nei, så lenge eg heng i hop og kan gå, så skal eg på kamp, understrekar han.

Då NRK fortel Harald Aabrekk om den trufaste supporteren, reagerer trenaren slik:

– Kva er det du seier? Det er heilt utruleg og fantastisk. Her har vi alle møtt vår overmann...