Hopp til innhold

Turistar sat vêrfaste på breen i to dagar: – Dei var kjempeglade då vi kom

I dag blei to belgiske turistar hjelpte ned frå Supphellebreen etter å ha sete vêrfaste i to dagar. – Dei var kjempeglade då vi kom, seier fjellførar Sigurd Felde.

Redningsaksjon

BLEI GLADE: Rundt klokka ti i dag nådde dei fjellførarane frå Norgesguidene fram til det belgiske ekteparetpå 1500 meters høgd på Supphellebreen.

Foto: Sigurd Felde

Det var onsdag kveld eit ektepar frå Belgia blei sitjande vêrfaste på Supphellebreen, då dei var på veg mot Flatbrehytta. Etter to dagar i telt der, blei dei i dag hjelpte ned av to fjellførarar frå Norgesguidene.

– Dei var overraska over at vi kom så tidleg, men veldig glade for at vi kom, seier ein av fjellførarane, Sigurd Felde.

Fjellførarane la i veg mot dei to turistane rundt klokka halv seks i dag tidleg. Vêret var framleis ganske dårleg, med ein god del regn, vind og tåke. Det belgiske ekteparet var slitne, men i god form då fjellførarane nådde fram til dei i titida.

Redningsaksjon Supphellebreen

UTFORDRANDE: Dei to belgiske turistane blei sitjande vêrfaste grunna dårleg sikt, og fordi eit sprekk-område på breen kom overraskande på dei. - Dei gjorde det riktige ved å vente, seier fjellførar Sigurd Felde.

Foto: Sigurd Felde

– Eigentleg var det ikkje så veldig dramatisk. Dei var godt førebudde, då dei hadde vore ute på fjellet i mange dagar. Dei hadde med telt, mykje mat og sovepose, og var rusta for å ta fleire netter ute. Så det var inga krise. Dei var ved godt mot, fortel han.

– Gjorde det rette

Felde seier dei to turistane har vorte stogga av vêret, men også av terrenget.

– Dei kom på eit sprekk-område på breen dei ikkje var klare over skulle vere der. Kombinert med tett tåke, greidde dei ikkje finne ein veg gjennom.

Han meiner dei gjorde heilt rett i å vente på betre vêr eller hjelp.

– Dei hadde prøve i mange timar å finne ein veg ned. Med alt utstyret dei hadde dei hadde – i kombinasjon med vêret – hadde det skjedd noko med då, hadde dei til dømes ramla i ein bresprekk, hadde det vore atskilleg vere, seier Felde.

Redningsaksjon Supphellebreen

– GJORDE DET RIKTIGE: – Dei har vore ute ei vinternatt. Om dei ikkje var skremde, følte dei seg litt dumme fordi dei i hamna i slik situasjon. Eg meiner i alle fall dei gjorde det riktige ved å vente, seier fjellførar Sigurd Felde.

Foto: Sigurd Felde

Han fortel at turen også var noko utfordrande for dei, men at dei hadde lettare utstyr og kunne bevege seg enklare fram og tilbake.

– Og med meir kjennskap til breterrenget greidde vi finne oss ein veg tilbake. Vi fekk gått opp ei rute vi følge slavisk tilbake, seier han.

Viktig å vere budde

Den erfarne fjellføraren meiner hendinga frå Supphellebreen viser kor viktig det er å vere budde når ein legg ut på tur i fjellheimen.

– Det viser prakteksempelet på korleis ein skal førebu seg – at ein skal ha med seg nok utstyr til å overleve ei natt eller to i fjellheimen. Vi har vore bortskjemde med ein fantastisk sommar, men no er vêret tilbake til normalen. Det er viktig å ta omsyn til det dårlege vêret òg.

Dei to belgiske turistane har planar om å gå vidare i Jotunheimen, men ville no ta eit par netter på hotell i Sogndal først, fortel Felde.