Hopp til innhold

OBS-varsel: Meteorologane fryktar lynnedslag og flaum denne veka

Onsdag denne veka kan kraftig nedbør og tordenbyger føre til flaum og lynnedslag i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Obs-varsel for Vestlandet

VER OBS: Meteorologisk institutt fryktar at tordenbyger og nedbør kan føre til lynnedslag og flaum på Vestlandet onsdag.

Foto: met.no

Det er særleg onsdag på dagtid at Meteorologisk institutt fryktar at eit kraftig uvêr kan føre til konsekvensar i dei to nordlegaste fylka på Vestlandet.

– Onsdag er det varsla kraftige tordenbyger. Dei kraftigaste byene vil då kome i indre strok. Då kan det kome 10 til 15 millimeter i løpet av ein time i kombinasjon med torden, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes til NRK.

Vestlandet har vore skåna for alle skogbrannane som har råka Sør-Noreg dei siste vekene. No kan kraftig tordenvêr i verste fall føre til lynnedslag i det tørre terrenget.

– Den største faren er nok tordenvêret over tørt område, slår Moxnes fast.

I OBS-varselet går det fram at det er fare for overvatn i tettbygde område, lokal flaum, jord- og flaumskred og moglege endringar i bekke- og elveløp.

– Folk må vurdere førebyggjande tiltak, melder Meteorologisk.

Eldbjørg Moxnes

VARSLAR DÅRLEG VÊR: Statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Foto: Kamilla Pedersen / Met.no